Hopp til innhold

Håndbok for navnebehandling

3.1 Reising av namnesak i Kartverket

3.1.1 Kven kan ta opp namnesak?

 Ref. lov om stadnamn § 6:
"Saker om skrivemåten av stadnamn kan takast opp av:"

  1. ”eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd”
    Kartverket kan dermed ta opp namnesak med for eksempel ein kommune.
  2. ”eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom”
  3. ”ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn”
  4. ”stadnamntenesta”

3.1.2 Når skal ein reise namnesak?

Dette temaet er også forklart i kapittel 1, avsnitt 1.2 Retningslinjer for når Kartverket skal reise navnesak.

Kartverket reiser namnesak i desse tilfella:

  1. Ved ekstern oppmoding om å reise namnesak (sjå avsnitt 3.3). 
  2. Ved internt ønske om å reise namnesak, særleg dersom namnet er ”stort og viktig”. Det kan vere at det er ulike skrivemåtar av det same namnet i bruk på ulike produkt, eller at namnet bør ha ein annan skrivemåte etter stadnamnlova, eller at skrivemåten byggjer på ei feiltolking av namnet.
  3. Når det er behov for eit nytt stadnamn i eit produkt, og det ikkje ligg føre godkjend skrivemåte av namnet.
  4. Det er ikkje nødvendig å reise sak på bruksnamn etablert etter 01.01.1980. Men det må reises sak om det er eit ønske om å bruke ein annen skrivemåte enn den godkjente skrivemåten på eit nedarva stadnamn. Det er ikkje lov å bruke ein annan skrivemåte enn den vedtekne skrivemåten på eit nedarva stadnamn, om det er gjennomførd namnesak.

Det er ikkje naudsynt å reise namnesak når ein kan vise til ein vedteke eller godkjent skrivemåte. Sjå vedlegg til kapittel 6.

3.1.3 Korleis skal ein reise namnesak?

  1. Namnesaka skal registrerast i SSR før oppstartsbrevet blir sendt ut. Nummeret på namnesaka får ein automatisk frå SSR, og dette nummeret skal takast med i overskrifta i brevet. Alle namn i SSR som inngår i saka, skal registrerast i namnesaka.
  2. Legg den foreslåtte skrivemåten/dei foreslåtte skrivemåtane inn i SSR med status F (foreslått). Ansvarleg for SSR (Kjetil Ringen) kan hjelpe til med å ta informasjonen ut på standard namnesaksskjema dersom ein ynskjer det.
  3. Standard tilbakemelding blir send til den som har sendt førespurnaden. Dette skal skje innan 1 månad etter at førespurnaden er motteken.
  4. Saka blir send over til kommunen i form av eit oppstartsbrev, ev. med vedlagd standard namnesaksskjema påført naudsynte kolonnar. I oppstartsbrevet kan ein forklare kor viktig saka er og ev. samanhengen med andre saker som er reist. Ein skal gje kommunen ein tidsfrist på minst 2 månader. Også andre som har rett til å uttale seg i namnesaka (jf. lova § 8 tredje og fjerde ledd), skal ha ein tidsfrist på minst 2 månader frå dei får saka, jf. forskrifta § 8 andre ledd. Om nokon treng ein lengre frist, må kommunen be om dette skriftleg.
  5. Oppstartsbrevet skal innehalde informasjon om dette:
    - Dei kjeldene ein har nytta
    - Lokal høyring (eigarar og festarar om gardsnamn og bruksnamn, samt lokale organisasjonar)
    - Saker som gjeld bruksnamn skal eigarane få tilsende direkte frå kommunen
    - Bruksnamn og grunneigarens rett til å fastsetje skrivemåten av namnet på eige bruk
    - Normeringsprinsipp og saksgang
    - Kommunen har ansvaret for å kunngjere at namnesaka er reist, t.d. ved notis i lokalavis og på nettsidene sine
    - Kommunen har òg ansvaret for å innhente og samordne dei lokale høyringssvara

3.1.4 Gjenopning av namnesak

Vedtaksorganet gjer ei vurdering når det blir søkt om gjenopning av ei sak, og det avgjer om saka skal tas opp igjen (sjå forskriftas § 12). Det må vurderast om det er grunnlag for endring av vedtaket, slik ordlyden er i lov og forskrift. Ny høyringsrunde er anbefalt på det sterkaste dersom saka blir gjenopna.

 

Til toppen