Siste oppdatering

Rette, klage på eller endre stadnamn

Det må grundig saksbehandling og høyringar til om eit stadnamn skal endrast. Les korleis du går fram.

Eit stadnamn er eit språkleg kulturminne. Det har gjerne blitt til over tid og er eit produkt av både historie og levd liv. Måten namnet blir skrive på, er bestemt av tradisjonar, språkbruk og rettskrivingsreglar. Skriftforma skal vere praktisk å nytte. Det er difor lagt opp til ei grundig saksbehandling dersom eit stadnamn skal endrast.

I Sentralt stadnamnregister (SSR) kan du sjå kva for namn og skrivemåte som er godkjend og vedtatt. Du kan slå opp i SSR via søkjefunksjonen på stadnamn-delen av norgeskart.no.

Rette stadnamn-feil

Dersom du oppdagar at eit namn er feilplassert på kartet eller at det er feilskrive, kan du melde frå til Kartverket her.
Saksgang:

  1. Kartverket vurderer meldinga

  2. Kartverket rettar skrivefeil, feilplassering, mangel, misforståing

  3. Innmeldar får ei rask førebels tilbakemelding

Reise eller gjenopne namnesak

Det er ein fast saksgang for å endre skrivemåten av eit stadnamn.

  • Nokon ber Kartverket ta opp ei namnesak - eller gjenopne ei namnesak

  • Kartverket sendar saka ut på høyring

  • Språkrådet tilrår ei skriftform

  • Kartverket vedtek skrivemåten av stadnamnet

Ei namnesak vil som regel ta minst eit halvt år. Dersom vedtaket blir klaga på, kan det gå enda eit halvår. I lov om stadnamn kan du få detaljert greie på

  • saksbehandlinga i stadnamnsaker
  • kven som har høve til å ta opp eller gjenopne namnesak
  • kven som skal førebu saka og kven som har høve til å uttale seg

Kven kan ta opp eller gjenopne namnesak?

  • Einskildpersonar kan berre ta opp namnesak på eige gardsbruk eller eigedom.

  • Lokale organisasjonar som burettslag, historielag og velforeiningar, kan ta opp namnesak dersom dei har særleg tilknyting til eit stadnamn.

  • Kartverket, Språkrådets stadnamnteneste, kommunen og fylkeskommunen kan reise eller gjenopne namnesak.

Kva krevst for å gjenopne namnesak?

  • Nye opplysningar knytt til stadnamnet.

      - Den som opphavleg vedtok namnet, avgjer om kravet er oppfylt.

      - Vedtaksorganet kan avvise å gjenopne saka viss det ikkje har kome til nye opplysningar, eller argumenta er gode nok.

      - Klage på avslag på gjenopning sendast til Klagenemnda for stadnamnsaker.

Høyring og saksbehandling

  1. Kartverket sendar stadnamnsaker ut på høyring.

  2. Kommunen kunngjer saka for alle som har rett til å uttale seg.

  3. Språkrådet gir tilråding om skrivemåten av norske og kvenske stadnamn. Sametinget gir tilråding om samiske stadnamn.

  4. Kartverket vedtek skrivemåten av stadnamnet.

I saker om skrivemåten av samiske og kvenske stadnamn skal høvesvis Sametinget eller Språkrådet også gi ei førebels tilråding før den lokale høyringa i kommunen.

Klage på namnevedtak

Klagefrist på ei stadnamnsak er tre veker etter vedtaksdato. Klagen skal sendast til den som har gjort vedtaket. Dersom klagen blir avvist, blir saka send vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker der ho blir avgjort.
Sjå nettsida til Klagenemnda for stadnamnsaker.

Kva grunneigarane kan bestemme

  • Grunneigarar kan velje bruksnamnet på nye eigedomar.

  • Grunneigarar kan byte ut bruksnamn som ikkje er verna av lov om stadnamn.

  • Grunneigarar kan sjølv velje skrivemåten av namnet på eigen eigedom (eige bruk) viss dei kan dokumentere at skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn.  Men hovudregelen er at skrivemåten av gardsnamn er retningsgivande for skrivemåten av identiske bruksnamn. Sjå handbok for namnebehandling pkt. 4.2.3.

Grunneigarar som vil endre eit bruksnamn må vende seg til Kartverket. Etter at Kartverket har motteke og vurdert ynskjet, vil skrivemåten av bruksnamnet ev. bli endra i Sentralt stadnamnregister (SSR) og matrikkelen.

Del