Siste oppdatering

Kvifor har Kartverket denne oppgåva?

Heilt frå 1800-talet har skrivemåten av stadnamn i Noreg vore eit tema i språkdebatten. Skrivemåten av stadnamn skulle spegle den norske identiteten etter at Noreg hadde vore underlagt Danmark i nesten 300 år. Framleis handlar skrivemåte om identitet.

Ei eiga stadnamnlov

Lov om stadnamn blei gjeldande i 1991. Stortinget ville gi retningslinene i form av heimel i lov. Det blei stadfesta at det offentlege organet som bruker stadnamnet i tenesta, skal fastsetje skrivemåten. I praksis var det dermed Kartverket som skulle fastsetje skrivemåten av dei fleste stadnamna. Kartverket har til alle tider brukt stadnamn i samband med kart.

Med lova blei kulturminnevernet heimla.

  1. Grunnlaget for skrivemåten skal vere den nedervde lokale uttalen.
  2. Gjeldande rettskrivingsprinsipp i norsk, samisk og kvensk skal brukast når stadnamn får ei skriftleg form.

Mange omsyn

I dag er det fleire omsyn å ta når Kartverket skal fastsetje skrivemåten av eit stadnamn:

  • Nedervd lokal uttale
  • Rettskrivingsprinsipp
  • Rettskrivingsreglar
  • Praktisk skrivemåte
  • Meiningsinnhald
  • Normeringspraksis på staden
  • Skrifttradisjon for namnet
  • Opphaveleg namneobjekt i primærfunksjonen
  • Lokale ønske frå dei med uttalerett
  • Særlege omsyn til ønske frå brukseigar v/bruksnamn
  • Om skrivemåten har vore lenge i bruk, er vel kjend og innarbeidd

Normering

Dermed skal til dømes gamle gardsnamn normerast etter nedervd talemåte. Stadnamn som fekk ein dansk skrivemåte under dansketida, skal som hovudregel endrast tilbake til norsk.

I dag er det mange som har stadnamn som etternamn, men det kan vere stor forskjell mellom skrivemåten av slektsnamn og stadnamn. Mange slektsnamn er baserte på danske skrivemåtar frå 1700-talet. Slektsnamn er beskytta av lov om personnamn av 1923, og stadnamn er beskytta av stadnamnlova.

Kulturminne

Språkhistoria generelt og dansketida spesielt har endra landet vårt på mange vis, også i språk. Danskane etterlet seg ei salig blanding av ulike former i stadnamna våre. Skrivemåtar frå dansketida kan også seiast å vere kulturminne, men dei kan ikkje alltid trumfe den norsk nedervde uttalen.

Så kven eig stadnamna våre? Eit stadnamn er eit kulturminne vi har arva. Frå ein språkfagleg synsstad er det den namneforma som er overlevert munnleg frå generasjon til generasjon, som er det eigentlege namnet, og det som har krav på vern gjennom tilpassa skrivemåte.

Del