Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Siste oppdatering

Slik fastset Kartverket skrivemåten av stadnamn

Her kan du sjå saksgangen i ei stadnamnsak og korleis saksbehandlinga i Kartverket er lagt opp. Kartverket fastset skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk, medan det er den nedervde stadnamntradisjonen som avgjer namnevalet, dvs. kva staden heiter. På nye statlege anlegg er det anleggseigaren som avgjer namnevalet, medan Kartverket fastset skrivemåten.

Saksgang etter lov om stadnamn

 
 

1. Nokon tek opp namnesak etter lov om stadnamn (§ 6 første ledd)

2. Vedtaksorganet (lova § 7) førebur saka og sender ho til kommunen

3. Kommunen sender saka på høyring med to månaders frist. Kommunen sender brev til

  • eigar/festar i saker som gjeld bruksnavn.
  • lokale organisasjonar som har særleg interesse av eller tilknyting til namnet.
  • Sametinget og Språkrådet (kvensk stadnamnteneste) i saker som gjeld samiske eller kvenske namn.

4. Språkrådet gir tilråding om skrivemåte. Ved samiske eller kvenske namn, skal Sametinget eller Språkrådet (v/ kvensk stadnamnteneste) gi tilråding.

5. Vedtaksorganet formulerer eit skriftlig og grunngitt vedtak om skrivemåten av stdnamnet.

  • Vedtaksorganet sender vedtaket til partane i saka og kommunen.
  • Kommunen kunngjer vedtaket med opplysning om klagerett etter lova § 12.
  • Vedtaksorganet sender vedtaket til Språkrådet, andre offentlege organ som skal bruke namnet i tenesta, og til Sentralt stadnamnregister (SSR) i Kartverket.

6. Kartverket registrerer vedtaket i SSR.

Klage

Vedtaket kan klagast på. Klagar sender klagen til vedtaksorganet. Saksgangen ved klage er den same som i førstegongsbehandlinga. Dersom klagaren ikkje får medhald av vedtaksorganet, blir skrivemåten avgjord av Klagenemnda for stadnamnsaker. Vedtak i Klagenemnda er endeleg.

Både stat, fylkeskommune og kommune skal bruke den vedtekne skrivemåten av stadnamna våre.

Behandling av stadnamn i Kartverket

Det følgjande gjer greie for intern saksgang og interne føringar i Kartverket for dei fleste namnesaker. Unntaket er saker der grunneigar sjølv kan fastsetje skrivemåte på eige bruk.

Retningslinene for namnebehandling er skrivne ned i Handbok for namnebehandling i Kartverket.

Steg 1: Kartverket får ein førespurnad

  • Misforståingar, feilplasseringar, feil namn eller trykkfeil: Kartverket tek kontakt med kommunen og Språkrådet for oppklaring. Vi rettar opp feila i Sentralt stadnamnregister (SSR).
  • Skrivemåte: Kartverket vurderer å reise namnesak.

Kartverket må reise namnesak dersom førespurnaden kjem frå ein som har rett til å ta opp namnesak etter lova.

Steg 2: Kartverket reiser namnesak

  • Kartverket legg den foreslåtte skrivemåten inn i SSR med status F (foreslått). Statusdato er då innleggingsdatoen.
  • Kartverket sender tilbakemelding om vidare saksbehandling med tidsfristar til den som kom med førespurnaden, innan ein månad etter førespurnaden er motteken.
  • Kartverket sender saka til vedkommande kommune, på lokal høyring med to månaders frist. Kommunen behandlar saka og sender ho til stadnamntenesta i Språkrådet, med kopi til Kartverket. Språkrådet sender tilråding i saka attende til Kartverket. Gjeld saka samisk eller kvensk namn, skal Kartverket sende saka til samisk (i Sametinget) eller kvensk stadnamnteneste (i Språkrådet) for førebels tilråding før saka går til kommunen på lokal høyring.

Steg 3: Kartverket gjer vedtak

  • Kartverket vurderer tilrådinga frå stadnamntenesta i Språkrådet/Sametinget saman med lokale høyringsfråsegner.
  • Kartverket gjer vedtak.

Steg 4: Vedtaket inn i SSR

Kartverket legg vedtaket inn i SSR. Statusdato er den datoen som står på vedtaksbrevet.

Del