Nes

Nes er eit døme på eit gardsnamn som opphavleg var knytt til ein naturlokalitet, og seinare har blitt gardsnamn. Namnet finst både i usamansette namn, som Nes og Nese (dativform) og i samansette namn, som Hauknes.

Ubunden og bunden form

I tillegg til usamansette og samansette namn skil vi mellom ubunden og bunden form av namna, til dømes Voll og Vollen. Dette skiljet er viktig fordi det seier noko om alderen på namna. Usamansette gardsnamn i ubunden form (som Nes, Voll, Berg og Vik) blir rekna blant dei eldste gardsnamna våre. Dei kan vere eit par tusen år gamle, like gamle som dei eldste gardane.

Vidare er namn i bunden form (Nordvika) vanlegvis yngre enn namn i ubunden form (Nordvik).

I tillegg til den eldste klassa med usamansette gardsnamn, er det vanleg å dele dei gamle gardsnamna inn i følgjande klasser:

Vin

Namn på vin ("naturleg eng, beite") og heim: Dei høyrer stort sett heime i periodane før vikingtida, truleg mest i dei første fem-seks hundreåra etter Kristus. Til saman har vi rundt 1000 gardsnamn på vin og om lag like mange på heim. Gardane med vin-namn finn vi først og fremst i Sør-Noreg. Einskilde bygder har særleg stor konsentrasjon av vin-namn, til dømes Aker i Oslo (Sinsen, Grefsen, Økern, Tøyen) og Voss i Hordaland (Vinjo). Gardsnamn på heim finn vi over heile landet, til dømes Heggeim og Tjøsseim i Strand kommune, Rogaland, og Gjettum i Bærum kommune, Akershus. Bærum er også eit opphavleg heim-namn.

Land

Namn på land er yngre, stort sett frå perioden 600-1000. Det finst ca. 2000 av desse, særleg mange på Sørlandet og Vestlandet, t.d. Nodeland, Augland og Stokkeland i Songdalen kommune, Vest-Agder og Hommeland, Hetland og Frøyland i Sandnes kommune, Rogaland.

Stad

Gruppa på stad, gamalnorsk staðir, er endå større. Ho inneheld om lag 2500 gardsnamn. Truleg er dette stort sett opphavlege gardsnamn, ofte med eit personnamn (namnet på den som rydda garden) i førsteleddet. Tidlegare har det vore vanleg å tidfeste denne namneklassa til vikingtida, ca. år 800-1050, men nyare forsking har vist at mange norske stadnamn kan plasserast attende til 400-talet. Namneklassa er vanlegast i dei indre bygdene på Austlandet og i Trøndelag, men finst over heile landet nord til Troms. Døme er Nannestad (gards- og kommunenamn i Akershus) og Stiklestad i Verdal kommune, Trøndelag.

Set

Vi har om lag 900 gardsnamn på set, gamalnorsk setr "bustad, tilhaldsstad". Dei er vanlegast nordafjells, frå Sunnfjord og nordover. Namnegruppa er frå vikingtida. Gardane med set-namn er oftast utkantgardar. Døme er Furuset i Stor-Elvdal kommune, Hedmark og Helset i Steinkjer, Trøndelag.

Tveit

Dei fleste av dei ca. 600 namna på tveit er truleg òg frå vikingtida. Vi finn dei særleg frå Telemark i søraust (t.d. Tveitan i Porsgrunn kommune) til Hordaland i nordvest (t.d. Rommetveit i Stord kommune).

Bø/by

Vi har om lag 1200 norske gardsnamn med namneleddet bø/by, tettast sør for Trøndelag. Dateringa er meir usikker, men også for denne klassa ligg nok tyngdepunktet i vikingtida. Namn som Øverbø, Midbø og Nedrebø vitnar ofte om tidleg deling av den opphavlege garden. Grovt sett kan vi seie at bø er brukt på Sør- og Vestlandet, frå og med Telemark til og med Nordmøre, i dei Austlands-dalane som ligg nærast Vestlandet, og i Nordland, medan by er brukt på resten av Austlandet, i Trøndelags-området, minus Oppdal, og i Troms.

Rud/rød

Den viktigaste namneklassa frå åra etter vikingtida er rud-/rød-namna, gamalnorsk ruð "rydning". Klassa er talrik, med ca. 230 usamansette Rud- og Rød-namn og nesten 3000 samansette. Desse har ofte personnamn, tilnamn og yrkesnemne i førsteleddet. Namna fortel om ei veldig nyrydding av smågardar, først og fremst på Austlandet, der dei aller fleste rud-/rød-namna finst. Geografisk grupperer namneleddet seg med rud i nord og vest og rød i sørlege delar av Austlandet. Frå Modum kommune i Buskerud (også eit opphavleg rud-namn frå Modum), kan vi nemne døma Rud, Åsmundrud og Presterud.