Kartverkets Kinderegg
Tradisjonen tru lokkar Kartverket med eit kalorifritt alternativ til Kinderegg: Garantert fritt for feit sjokolade, berre pakka med statsautoriserte, trygge ting som topografiske høgdepunkt, geografiske midtpunkt og episke audepunkt. I år er egget pynta med nye kart og eigenregistrerings-rebus.
Kartverket har nemleg akkurat lansert ny versjon av Norgeskart.no, den mest populære kartløysinga på nett enten du skal sjøs, til fjells, eller berre skal romstere i hagen heime i påska.
Nye Norgeskart.no er raskare, betre og meir stabilt. Vi har rydda opp i menyane, slik at det er enklare å finne fram.
Treng du kart til påsketuren, kan du skrive ut gratis med funksjonen «Lag kart» i botnmenyen. Kartgrunnlaget blir oppdatert kvar veke, blant anna basert på tilbakemeldingar som du kan gi gjennom «Rettikartet.no».
Høgdepunktet, midtpunktet og audepunktet
Frå nasjonal-ikonet Galdhøpiggen til dei mindre kjende toppunkta i kvar kommune, står fjella sentralt i Noregs geografi og kultur. Enten du samlar på store eller små høgdepunkt i livet, får du oversikt med Kartverket si liste over det høgaste punktet i kvar kommune.
Er du av typen som trivst med tryggleik, vil du kanskje trekkast mot midtpunktet. Kartverket viser sjølvsagt veg til det geografiske midtpunktet. Arealtyngdepunktet er der ein utskoren pappfigur av kommunen i teorien vil balansere på eit spikarhovud. Her er midtpunktet i norske kommunar.
Det siste tilskotet i påskerebusen, er dei mest aude stadene i kvar kommune. Her kan du gå ein tur på stien og søke skogens ro, kanskje utan å møte ein annan som er ko-ko: Desse punkta ligg lengst unna moderne infrastruktur, enten det er hytter, vegar eller kraftlinjer. Det kan vere sårbare naturområde der villreinen kalvar eller makrellterna hekkar. Derfor har vi lagt til ein kolonne med lenke til faktaark for viktige verneområde. Her finn du din næraste audestad.
Tips til påskequiz Eigenregistrering som rebusløp
Treng familien litt tidtrøyte når påskesola går ned? Enten du er heime eller på hytta, kan du sette familien i sving med å sjekke opplysningane i Eiendomsregisteret:
- Køyr spørjekonkurranse om byggeår, bruksareal, vatn, avløp, energi og oppvaming.
- Send familien på rebusløp for å ta mål eller sjekke opplysningane.
- Korriger tala i Kartverket si løysing for eigenregistrering.
Dette kjem truleg til å gå påskekrimmen ein høg gang.
Gratis kompass-kurs
Usikker på korleis du finn fram i påskerebusen? I tabellane er det lenker til Norgeskart.no. Du finn også GPX-filer som du kan laste inn på GPSen. Køyrer du «old school» med papirkart, finn du også UTM-koordinatane som du kan bruke i vanlege Noreg 1:50 000-turkart.
Er kunnskapen om kart og kompass litt rusta? Det er inga skam å snu – eller ta ei oppfriskingsøkt: Kartverkets Kinderegg er nemleg toppa med kompasskurs – leikande lett på 1-2-3:
- Legg kompasskanten frå der du er til dit du skal på kartet, med kurspila (ikkje kompassnåla eller det vribare kompasshuset) peikande i den retninga du skal gå.
- Hald kompasset i ro mot kartet og drei kompasshuset (den vribare skiva) inntil strekane er parallelle med nord/sør-linjene på kartert med N-merket mot nord (oppover i leseretninga).
- Ta kompasset vekk frå kartet, hald det flatt i handa og vri deg sakte fram til den frittflytande kompassnåla peikar parallelt med strekane mot nord i kompasshuset. Kurspila på kompasset peikar no i den retninga du skal gå.
Hugs at kompasset berre gir deg luftlinje til dit du skal. Derfor bør du splitte opp turen der du må skifte kurs på grunn av terrenget. Bruk synlege merkepunkt, så som småknausar, bekkesvingar eller markerte kantar som vatn og myrer.
Kartverket sin nødplakat
I påska dreg mange på hytta. Ikkje alle har vegadresse, og det kan få følger når minutta tel. Enten hytta di har adresse eller må finnast med koordinatar, er nødplakaten til Kartverket god å ha:
Da kan du og gjestane dine raskt lese av posisjonen til hytta og gi beskjed til alarmsentralen når noko skjer. Heng plakaten på utedoen, i gangen, eller ein lett synleg stad der alle finn han igjen!
På Norgeskart.no kan du enkelt skrive ut nødplakat:
- Sett markøren på rett stad
- Trykk på «Lag kart» i botnmenyen
- Vel fana «Nødplakat» som kjem fram i dialogboksen.
Påske på sjøen
Krev påskestemninga di salt havluft i nasen? Sørg for ei trygg oppleving og god stemning når du tar med familien på sjøen! Bruk sjøkartet til å gjere deg kjend med området du skal segle i: Det er ingen grunn til å gå på grunn.
Synstolka versjon av filmen Kvalitet i sjøkarta.
Skal du ha påske på sjøen for første gong og akkurat held på å ta båtførarprøva? Her kan du laste ned gratis skulekart til båtførarprøva.
Med Kartverket på laget legg du grunnlaget for å ha kontroll ute på sjøen. Planlegg påskeseglinga i oppdaterte sjøkart og sjekk moglegheiter og avgrensingar i farvasskildringa Den norske los.
Ta ei innføring i sjøkartet, ha tydelege roller ombord, og pass godt på kartlesaren: Les meir om korleis du får ei god oppleving på sjøen, eller sjå dei kjekke videoane i sakene under.
E-posten er sendt