Høgaste fjelltopp i kvar kommune
Sjekk kva for fjell som er høgast i kommunen din!
Her er Kartverkets oversikt over alle kommunetoppane i heile landet, med informasjon om fjellets høgde, namn, primærfaktor, referansepunkt og meir.
I nokre tilfelle er det ingen fjelltopp, men eit punkt i ei skråning som er kommunens høgaste. Nokre fjell har òg toppen dekt av ein brekappe. For desse vil høgda kunne variere igjennom året, og dessutan frå år til år.
Merk at nokre av høgdene kan vere målt opp langt tilbake i tid og difor vere unøyaktige. Lista blir fortløpande oppdatert etter kvart som vi får inn meir presise høgder, mellom anna i samband med innføring av nasjonal, detaljert høgdemodell.
Bruk lista til å planlegge neste fjelltur, lage ein kviss eller skaffe deg nyttig lokalkunnskap!
Tips: I tabellen kan du sortere kolonnene i stigande eller synkande rekkjefølgje ved å klikke på kolonnetitlane. Du kan òg søke i tabellen på kommunenamn eller fjelltopp.
Kommunetopp-lista
Sjå eller last ned heile kommunetopp-lista som PDF (248 kB)
E-posten er sendt