Siste oppdatering

Korleis forstå sjøkartet

Kva informasjon gjev ZOC-diagram, datum, spesialar og vignettar i eit sjøkart? Svara får du her.

Sjøkartet inneheld mykje informasjon ut over djupneforhold – til dømes målestokk, datum, åtvaringar, mv.

Heftet "Symboler og forkortelser i norske sjøkart" gjev deg viktig informasjon og ei god oversikt over alle kartsymbol og forkortingar som er brukt i norske og internasjonale sjøkart.

Efs Rettingar til sjøkart

Etterretninger for sjøfarende (Efs) utgjev oppdateringar og rettingar til sjøkart kvar fjortande dag.

Efs

 

Målestokk

Ved seglas i tronge farvatn bør du bruke sjøkart i størst mogeleg målestokk, da desse gjev dei beste og mest detaljerte opplysningane. Kart i mindre målestokk er sterkt forenkla i farvatn innanskjers.

Den offisielle norske sjøkartporteføljen som blir utgjeve av Kartverket, inneheld sjøkartseriar for hovudseriekart, hamnekart, kystkart og overseglingskart. Dei ulike kartseriane har målestokk som er tilpassa ulike brukarbehov.

ZOC-diagram

ZOC-diagram (Zones of Confidence) i eit hovudseriekart (målestokk 1:50 000) er eit lite og generalisert kartbilete i målestokk 1:500 000 som er plassert på ein eigna stad i papirkartet.

Den aller viktigaste funksjon til ZOC-diagrammet er å synleggjere område der datagrunnlaget er av betydeleg dårlegare kvalitet, altså der det er ein større risiko å navigere.

Les meir om kartkvalitet og ZOC-diagram.

Åtvaringar

Utanfor kartrama er det lagt inn informasjon om åtvaringar for mellom anna:

  • Fartsrestriksjonar
  • Kablar (luftspenn og undervasskablar)
  • Tidvatn
  • Vertikal klaring under bruer og luftspenn

Spesialar og vignettar

I ein del sjøkart vil ein kunne finne små kart i eigne rammer: Vignettar og spesialar.

Vignetten viser område i kartet der kartbilete går ut over avgrensinga i sjølve kartet, til dømes ein lang fjord som det ikkje er mogleg å utvide kartramma for. Vignetten har same målestokk som sjølve kartet. «Continued on Plan» står med raud skrift langs kartramma der seglasen held fram over i ein vignett.

Ein spesial er eit utsnitt av kartet som blir vist i eiga kartramme. Spesialen viser eit viktig parti av sjøkartet i ein større og betre målestokk, til dømes viktige hamner og tronge passasjar. Område der det finst spesialar er merka med ei raud ramme og teksten «Plan» i raudt i sjølve kartet.

Kartrama rundt vignettar og spesialar er like.

Datum og kartprojeksjon

Alle norske sjøkart er laga i datumet WGS84 (gradnett). Noko som betyr at posisjonar frå GPS-baserte system kan brukast direkte i sjøkarta.

Kartprojeksjon er angjeve i tittelfeltet øvst til venstre i kartet.

QR-kode

Sjøkarta har ein QR-kode som gjer det mogleg, ved hjelp av smarttelefon eller nettbrett, å få tilgang til alle rettingar knytt til sjøkartet. Dessutan får du tilgang til all informasjon om sjøkartet og gyldigheit.

Del