Fyrlykt på Tingholmen. Foto: Arnfinn Lie
FYRLYKT OG ANDRE KARTSYMBOL: Den nautiske publikasjonen "Symboler og forkortelser i norske sjøkart" forklarar symbol og forkortingar som brukast i norske og internasjonale sjøkart. Foto: Arnfinn Lie
Siste oppdatering

Symbol og forkortingar i norske sjøkart

Skal du lese og forstå eit sjøkart, treng du heftet "Symboler og forkortelser i norske sjøkart". Heftet gir deg viktig informasjon og ei god oversikt over alle kartsymbol og forkortingar som er brukt i norske og internasjonale sjøkart.

"Symboler og forkortelser i norske sjøkart" er den norske utgåva av "INT 1 – Symbols, Abbreviations and Terms used on Charts".

Som eit ledd i Kartverkets langsiktige strategi med frigjeving av data er publikasjonen gratis og kan førebels lastast ned i pdf-format.

01.07.2020

Symboler og forkortelser i norske sjøkart

(pdf 7,5 MB)

Eit hjelpemiddel – lovpålagt og nyttig

"Symboler og forkortelser i norske sjøkart" er eit nødvendig hjelpemiddel når ein navigerer i sjøkart. Publikasjonen gir gode forklaringar på alt innhald i sjøkartet. Det gir også informasjon om gradnett, datum og referansenivå brukt ved konstruksjon av sjøkart.

Heftet er ein lovpålagt nautisk publikasjon og skal vere om bord i alle SOLAS-skip som nyttar norske sjøkart. Publikasjonen bør også studerast nøye av alle sjøfarande som skal ferdast i meir eller mindre ukjend farvatn og som ønskjer å kome sikkert i hamn. Alle symbol i sjøkart viser til eit fysisk objekt i terrenget og fortel korleis du skal navigere nær dette.

Ved første gangs bruk av "Symboler og forkortelser i norske sjøkart" bør innleiinga studerast. Deretter vil du lettare kunne forstå publikasjonen utan ytterlegare hjelpemiddel.

Spesielle norske kartsymbol

Det er stort sett internasjonale symbol, fargar og engelsk tekst i norske sjøkart. Men i sjøkart på papir finst framleis nokre spesielle norske sjøkartsymbol. I heftet viser vi det internasjonale kartsymbolet side om side med tilsvarande norsk kartsymbol.

INT 1

"Symboler og forkortelser i norske sjøkart" blir også kalla "INT 1" eller "norsk INT 1". Publikasjonen er basert på "Chart Specifications of the IHO" som blei fastsett ved den internasjonale hydrografiske organisasjonen (IHO) sin "XIIth International Hydrographic Conference" i 1982.

Det blir utgitt internasjonale utgåver av INT 1 på engelsk, fransk og spansk. Dette er dei tre offisielle internasjonale utgåvene av publikasjonen. Den norske INT 1 er ein tilnærma kopi av desse, men med norsk tekst i tillegg til engelsk.

Del