Mann i seilbåt peker på sjøkart i sin kartplotter. Foto: Adobestock
SJØSIKKERHEIT: Oppdaterte sjøkart er eit viktig bidrag til auka sjøsikkerheit. Illustrasjonsfoto: Adobestock.
Siste oppdatering

Sjøkartdata i kartplottarar

Elektroniske sjøkart til kartplottarar, basert på sjøkartdata frå Kartverket, blir tilbydd av fleire distributørar. Sjå oversikt over kven distributørane er og kor ofte desse oppdaterer sine sjøkart.

Produsentar som vil vise sjøkartdata frå Kartverket i sine løysningar må inngå ein avtale med Kartverket. Avtalen stiller krav til produsent/distributør av kartløysingar om at dei forpliktar seg til å laste ned oppdaterte sjøkartdata minimum éin gong i månaden frå Kartverket. Samstundes skal også sluttbrukarane få moglegheit til å laste ned oppdaterte elektroniske sjøkart-data via produsenten si eiga oppdateringsordning, gratis eller mot betaling.

Elektroniske sjøkart-data til kartplottarar

Tabellen visar distributørar av elektroniske sjøkart som nyttar sjøkartdata frå Kartverket.

Distributørar av elektroniske sjøkart til kartplottarar

Oppdaterer sjøkartdata 2 gongar i månaden:

Oppdaterer sjøkartdata 1 gong i månaden:

Oppdaterer sjøkartdata kvar 3. månad:

Oppdaterer sjøkartdata 2 gongar i året:

Oppdatering

Distributørane som lastar ned oppdateringar to gonger i månaden kan skilte med eit ekstra «stempel» i sin marknadsføring som seier at «Kartinnholdet er oppdatert i henhold til Kartverkets standard». Dette betyr at kartinnhaldet er på nivå med dei offisielle norske sjøkarta på papir (POD-kart) som oppdaterast med rettingar frå Etterretninger for sjøfarende (Efs) kvar fjortande dag.

Gratis programvare

Oppdaterte norske elektroniske sjøkartdata er også tilgjengeleg for det opne kartplotterprogrammet OpenCPN. Distributør Renate Rosner Consult S.L. (RRC) representerer OpenCPN. Kartverket sine sjøkartdata oppdaterast kvar veke og kan lastast ned via OpenCPN sin kartkatalog og nettbutikk O-charts.

Seapilot tilbyr elektroniske sjøkartdata gjennom gratis app for fritidsnavigasjon, sjå seapilot.com.

Båtsportkart

Distributørar av norske båtsportkart som nyttar sjøkartdata frå Kartverket er:

Desse oppdaterer sjøkartdata fra Kartverket årleg.

ENC vs. kartplottar

Produsentar av elektroniske sjøkart til kartplottarar kan få tilgang til kartdata frå Kartverket som dei nyttar i sin programvare. Desse kartløysingane er ikkje offisielle og regnast ikkje som autoriserte sjøkart. Det er altså forskjell på offisielle elektroniske sjøkart (ENC) til bruk i eit ECDIS (Electronic Chart Display and Information System), som er regulert av internasjonale standardar, og elektroniske sjøkart som brukast i kartplottarar.

Norske ENC-ar blir distribuert gjennom Primar.

Del