Hopp til innhold

Håndbok for navnebehandling

7 Namnsetjing

Kartverket vel ikkje namn på dei namneobjekta som det vedtek skrivemåten av. Difor er Kartverket aldri eigar av eit namneobjekt. Kartverket si oppgåve er å registrere allereie eksisterande informasjon om stadnamn og å vedta skrivemåten av dei, ikkje å velje stadnamn (prop. 65 L Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta mm.), pkt. 4.3.1).

Det er § 7 i stadnamnlova som heimlar val av namn. Paragrafen seier kva for namneobjekt  kommunen/fylkeskommunen/statlige organ vel namn på. Stadnamnet dei vel må ikkje vere i strid med namnevernet i § 3.

7.1 Avgjerder

Lov om stadnamn § 7 Avgjerder seier kven som kan velje namn på ulike lokalitetar: "Kommunen vel namn på og vedtek skrivemåten på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, kommunale anlegg o.l. og vedtek skrivemåten av offisielle adresser. Fylkeskommunen vel namn på og vedtek skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l. Statlege organ vel namn på statlege anlegg. Eit reinbeitedistrikt vel namnet på distriktet. Statens kartverk vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, namn på reinbeitedistrikt, namn på statlege anlegg o.l. dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift."

Matrikkelforskrifta § 51 Adressenavn seier at «Kommunen skal tildele alle gater, veger, stier, plasser og områder som blir brukt til offisiell adressering, et navn som er entydig innenfor kommunen. Skrivemåten fastsettes etter reglene i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn.»

7.2 Namnsetjing av naturlokalitetar

7.2.1 Bakgrunn

Namnsetjing av naturlokalitetar er ikkje regulert i regelverket. Av og til kjem det spørsmål om heimel for å gje slike namn. Til dømes er utradisjonelle namn som Stølsheimen, Breheimen og Skarvheimen tekne i bruk av Den Norske Turistforening og/eller lokale turlag på store naturområde dei siste åra. Dei har etter kvart komme i offentleg bruk på kart, skilt og liknande.

Kartverket er vedtaksorgan for skrivemåten av naturnamn etter § 7 i lov om stadnamn. Men kven kan avgjere kva ein naturlokalitet heiter eller skal heite? Kartverket plar å svare at det ikkje finst reglar for det, at namnet veks fram gjennom bruken, og at namnet kan nyttast på kart etter kvart som t.d. kommunen dokumenterer bruken av namnet.

Etter spørsmål frå Kartverket seier Kulturdepartementet i ein e-post 28. juni 2011:

Ut over det som følger av stadnamnlova § 3, så sier ikke loven noe om selve navnesettingen. Vi blander oss altså ikke inn i hvordan eventuelle naturlokaliteter navnsettes, med mindre det gjelder utbytting av et innarbeidet, nedarvet stedsnavn, eller det finnes en annen særskilt grunn til at navnet ikke kan benyttes på det aktuelle stedet. § 3 er således en ”negativ” regel i den forstand at den kun sier noe om når et navn ikke kan brukes på et sted eller når et navn ikke kan byttes ut med et annet av kulturvernhensyn.

Dersom en kommune har lyst til å kalle en hittil navnløs vannkilde for ”Isklar” er altså ikke dette noe departementet verken ønsker eller vil blande seg opp i.

7.2.2 Kommunenes og Kartverkets praksis

Kommunen kan namnsetje naturlokalitetar som ikkje har eit namn frå før, men då må dei vere heilt sikre på at lokaliteten ikkje har eit namn frå før. Kommunen kan gjere dette med heimel i kommunen sin negativt avgrensa kompetanse. Dette er ulovfesta rett og har samanheng med kommunalt sjølvstyre. Kommunen sin negativt avgrensa kompetanse inneber at kommunen kan treffe eit val og gjere vedtak ut frå lokale behov og ønske, så lenge desse ikkje er ulovlege eller oppgåva eksklusivt er lagt til andre.

Lov om stadnamn gir reglar for skrivemåten av nedervde stadnamn. Eit nedervd stadnamn er eit namn som er munnleg eller skriftleg overlevert frå tidlegare generasjonar. Lova har ikkje reglar for å namngi stader som ikkje har eit nedervd namn frå før på folkemunne. Om ein ønsker å namngi stader med namn som ikkje har oppstått på folkemunne, har ikkje Kartverket høve til å behandle denne typen saker ut frå regelverket i lov om stadnamn. Kartverket kan altså ikkje fastsetje ein skrivemåte for ein naturlokalitet, før lokaliteten faktisk har eit namn.

Til toppen

Trenger du hjelp med denne siden?

Kontakt oss

Telefon 08.00-15.00
32 11 80 00
post@kartverket.no