Opne vasstandsdata
Tidvatn- og vasstandsdata som du finn på Se havnivå, er tilgjengeleg i eit API. Widgeten for Se havnivå er førebels ute av drift.
Finn data Data for vasstand og tidvatn
Her får du meir informasjon om bruk av API for vasstandsdata:
Data for vasstand og tidvatn er gjort tilgjengeleg gjennom eit API slik at ein kan henta ut og integrera data med eigne system.
Du kan få dataa i xml-format, som pdf-fil eller som tekst-fil.
API-et er open for alle, og det er ikkje nødvendig med registrering, men vi krev å bli namngitt som kjelde.
Send gjerne ei tilbakemelding på e-post til kundesenter@kartverket.no, spesielt om du nyttar datasetta til å lage nye tenester eller app-ar.
Widget for tidvatn
Kartverkets widget for tidvatn er for tida ikkje tilgjengeleg, grunna overgang til ny nettstad. Vi jobbar med å få widgeten i drift igjen.
Widgeten gjer at du enkelt kan vise data for tidvatn direkte på nettstaden din og gje besøkande oppdatert informasjon om flo og fjære direkte frå Kartverkets database.
Tidvasstabellar
Den årlege publikasjonen Tidvasstabellar for den norske kyst med Svalbard er tilgjengeleg for nedlasting i pdf-format. Denne gjev høgde og tidspunkt som høyrer til, for alle høg- og lågvatn i 17 standardhamner.
Tabellar med flod og fjære for din stad finn du på nettenesta Se havnivå.
Brukarhistorier Forsking og vasstandsvarsel
Vêrvarslingstenesta Storm nyttar API for vasstandsdata frå Kartverket saman med eigne vêrdata, for å lage ei grafisk framstilling av varsel for tidvatn på si netteneste.
Vasstandsdata er brukt i framskriving av framtidig havnivå, m.a. i rapporten "Sea Level Change for Norway- Past and Present Observations and Projections to 2100".
E-posten er sendt