Siste oppdatering

Kjøpe kartdata

Ønskjer du kartdata som ikkje er gratis, kan du sende oss ein e-post dersom det gjeld djupnedata eller sjørelaterte data. Gjeld det landbaserte data, må du kontakte ein av forhandlarane våre.

Merk at mykje av Kartverkets data er gratis. Unntaket er grovt sett ortofoto og dei mest detaljerte kartdataa. Sjå kva for data vi har på API og data-sida vår.

Ønskjer du å kjøpe eit ferdig, trykt kart, kan du bestille kartet her.

Til havs

Djupnedata og terrengmodellar av havbotnen er gratis tilgjengeleg for nedlasting og gjennom API. Detaljerte djupnedata må kjøpast. Dersom du ønskjer dette, kan du kontakte sjødivisjonen vår på e-post sjo@kartverket.no

Til lands

Ortofoto og detaljerte kartdata for landjorda i større målestokkar enn 1: 50 000 (FKB-data, inkludert laserdata) kan kjøpast direkte frå den aktuelle kommunen eller frå ein av forhandlarane nedanfor.

Interessert i å vere forhandlar?

Kontakt oss på e-post post@kartverket.no om du er interessert i å bli forhandlar av produkta våre.

Noreg digitalt Utvida tilgang som Noreg digitalt-medlem

Medlemar i Noreg digitalt har eigne ordningar med gratis tilgang til fleire og meir detaljerte data. Les meir om Noreg digitalt og krav for å bli medlem (Geonorge).

Del

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg, Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.