Kystlandskap generert fra høydedata og djupnedata
TERRENGDATA. Høgdedata og djupnedata kan brukast til å lage terrengmodellar. Illustrasjon: Kartverket
Siste oppdatering

Høgdedata og djupnedata

Kartverkets høgde- og djupnedata, eller terrengdata, er gratis og tilgjengeleg både for nedlasting og gjennom API. Dei kan mellom anna nyttast til flaum- og rasanalyser, berekning av vegtrasear, masseberekning og arealplanlegging i 3D.

Finn data Her får du tak i terrengdata

Høydedata.no

Dybdedata.no

Merk at det på høydedata.no også ligg nokre datasett og kartlag/WMS-tenester som berre er tilgjengelege for Noreg digitalt-partar (krev innlogging). Desse kan du bestille gjennom ein av forhandlarane til Kartverket.

Meir detaljerte djupnedata enn det som er tilgjengeleg på dybdedata.no, må bestillast direkte på e-post sjodata@kartverket.no. Kartverket søker Forsvaret om å få frigitt data på vegner av bestillar. Dataa i seg sjølv er gratis, men bestillar må betale timepris for tilrettelegging av data og søknad til Forsvaret om avgradering av datasettet.

Alle høgdedataa er tilgjengelege på høydedata.no. Dei er samla inn gjennom prosjektet nasjonal detaljert høgdemodell som starta i 2016 og pågår fram til og med 2022. Når prosjektet er avslutta, vil vi ha ein høgdemodell for heile landet med éin meters oppløysing. I tillegg til laserdata som er samla inn gjennom prosjektet, ligg det på høydedata.no data frå andre Noreg digitalt-partar. Vi har også lagt ut både djupnedata frå ferskvatn og elver og skanning frå bilar.

Djupnedata elles ligg på dybdedata.no. Denne sida inneheld data samla inn med multistråle-ekkolodd frå Kartverkets djupnekartlegging frå rundt år 2000 og fram til i dag, samt data frå mellom andre Forsvaret og Mareano-programmet.

Frå 1. februar 2024 vil dybdedata.no flytte inn i høydedata.no og Geonorge.no. Visning av kartlag for djupnedata vil vere tilgjengeleg på høydedata.no, mens nedlastning av terrengmodellar gjerast via filnedlasting på Geonorge.

Djupnedata mellom territorialgrensa og strandlinja med tettare oppløysing enn 50 meter mellom punkta, er stempla konfidensielle etter sikkerheitslova. Det må søkjast særskilt om å få tilgang til slike data (sjå korleis du gjer det under overskrifta "Finn data").

Bruksområde

Høgde- og djupnedata er eigna som grunnlag for detaljerte terrengmodellar og ulike former for terrengvisualisering.

Dei kan mellom anna nyttast til å berekne flaumsoner og skredfare, plassere vindmøller og havbruk, detaljplanlegge infrastruktur som veg, jarnbane, kaianlegg og sjømerke. Dei eignar seg også – blant mykje anna – til å kartlegge gjengroing av kulturlandskapet og avdekke skjulte kulturminne, som skipsvrak og gravhaugar.

Produkteigenskapar

Høgde- og djupnedata syner terreng og overflate svært detaljert. Datasetta er etablert som punktskyer basert på laserskanning frå fly, flyfoto (bildematching) eller sjømåling med multistråle-ekkolodd. Punktskyene har varierande tettleik (punkt/m2) tilpassa ulike føremål. Frå punktskyene er det generert terrengmodellar av terreng, med ei oppløysing på 1, 10 og 50 meter for land og 5, 25 og 50 meter for sjø.

Format

Terrengdata kan du laste ned på følgjande format:

  • Originale punktskyer: LAZ-format eller ZLAS.format
  • Terrengmodellar (DTM): Grid-format (Geotiff)
  • Overflatemodellar (DOM): Grid-format (Geotiff)
  • Djupnedata kan lastast ned i formata ENH (East North Height),  NED (North East Depth) og XYZ

Kartlaga er også tilgjengelege som API: WCS, WFS og WMS. Vi har også rest-tenester for maskinelt å laste ned data og gjere metadatasøk frå høydedata.no. Oversikt over alle API-a finn du på Geonorge (ekstern lenke).

Tips

Djupnedata: Her er ein demonstrasjonsvideo av dybdedata.no som gir ei innføring i funksjonar og kva det er mogleg å gjere på sida.

Høgdedata: Når du på høydedata.no har valt område/ prosjekt, vil standard visning vere eit delvis gjennomsiktig skuggerelieff av terrenget, med topografisk gråtonekart i bakgrunnen. Du kan skru av og på ulike kartlag og kombinere desse. Det er i tillegg mogleg å endre bakgrunnskart og legge til vegar, stadnamn, høgdekurver og administrative grenser.

I høydedata.no er det verktøy for å teikne høgdeprofilar over terreng eller overflate. Det er også eit eige 3D-vindauge som du aktiverer ved å klikke på lenka «punktsky» bak kvart prosjektnamn.

Brukarhistorier Laga flysimulator, skytespel og bølgjekraftverk

Høgdedata er blitt nytta til mange ulike føremål, frå berekning av flaumsoner til 3D-visualisering av byggefelt i samband med arealplanlegging og utbygging. Norsk luftambulanse nytta høgdedata då dei bygde ein flysimulator for pilotar og redningsmenn. Då det svenske spelutviklingsselskapet Dice skulle lage krigsscener frå Noreg til skytespelet Battlefield, nytta dei høgdedata for å skape realistiske og naturtru landskap.

Djupnedata var avgjerande for å få på plass verdas første operative bølgjekraftverk i Herøy kommune. Eit av dei største kranskipa i verda brukte detaljerte djupnedata for å simulere innseglinga til Haugesund då det skulle inn og hente ein offshore-konstruksjon. Operasjonen hadde aldri vore mogleg utan desse dataa.

Her er høydedata.no

(Dersom innhald ikkje blir vist, gjenoppfrisk side eller opne høydedata i nytt vindauge.)

Her er dybdedata.no

Frå 1. februar 2024 vil dybdedata.no flytte inn i høydedata.no og Geonorge.no.

(Dersom innhald ikkje blir vist, gjenoppfrisk side eller opne dybdedata i nytt vindauge.)

Del

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg. Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.