Vilkår for bruk av Kartverkets opne data
Alle som bruker Kartverkets opne datasett, digitale kart, API, tenester og historiske kart, pliktar å setje seg inn i vilkår for bruk.
Denne artikkelen omhandlar Kartverkets gratisprodukt. Det vil seie data, tenester og kart som er frigitt for gratis bruk til både kommersielle og ikkje-kommersielle føremål.
Lisens
Kartverkets gratisprodukt er lisensierte etter Creative Commons Navngivelse 4.0 international (CC BY 4.0).
Dette vil seie at Kartverkets namn skal visast i alle samanhengar der produkta eller uttrekk av produkta blir brukt, det vere seg applikasjonar, webløysingar, trykte produkt, illustrasjonar eller anna, på følgjande måte: © Kartverket. Det skal også linkast til nettsidene våre der det er mogleg.
Nokre av produkta har opphavsrettsleg vern, nokre har databasevern, og nokre har gått ut på dato. Som det står i CC BY, omfattar denne berre det som er verna, og kravet til å oppgi kjelde gjeld difor så langt produktet er verna eller skal namngis av andre grunnar (god forretningsskikk).
For eit produkt som har databasevern, som til dømes Sentralt stedsnavnregister (SSR), må uttrekk av heile eller vesentlege delar merkast, men ikkje enkeltinformasjon. Der ein tar systematisk uttrekk av enkeltinformasjon, må ein oppgi kjelda til dømes med at ”alle stadnamn er henta frå SSR ©Kartverket”, med lenke til kartverket.no.
Ansvar
Kartverkets gratisprodukt blir distribuert slik dei er. Kartverket tar ikkje noko ansvar for bruk og vidarebruk.
Brukarane må vere merksame på at kart ikkje alltid stemmer med terrenget, og bruken må skje på aktsamt vis i høve til utstyr og bruksområde.
For øvrig dersom ikkje anna er sagt, gjeld dei reglane som følgjer av geodatalova med forskrifter og tilhøyrande retningsliner.
Skjermbilete av kart
Du kan fritt bruke skjermbilete av kart frå det meste av norgeskart.no mot å kreditere © Kartverket eller ©kartverket/norgeskart.no. Men zoomar du langt nok inn, kjem du til kart som Kartverket ikkje har rettar til eller alle rettar til åleine. For å bruke desse, må du få hente inn samtykke frå dei som har rettane i Geovekst-samarbeidet eller kommunane som står utanfor Geovekst (Oslo, Bærum, Stavanger, Bergen og Trondheim). Send ein e-post til Kartverket (post@kartverket.no) med det aktuelle utsnittet, kva for stad det gjeld, og nokre ord om kva du vil bruke det til, så hjelper vi deg. Som regel vil du få lov å bruke dette gratis dersom det er til ikkje-kommersiell bruk og blir kreditert som du får beskjed om.
Biletet nedanfor viser om lag kor langt du kan zoome inn før du må innhente samtykke. Kartutsnittet til venstre kan du bruke fritt, det til høgre må du få samtykke til å bruke. Du kan også sjekke zoomnivået i url-en i nettlesaren. Ein stad i url-en står det "zoom=" etterfølgd av eit tal frå 1-20. Det er zoomnivå 12-20 som krev samtykke.

Skjermbilete av flyfoto
Flyfoto på norgeskart.no og norgeibilder.no er lisensierte produkt, og det må hentast inn løyve frå dei som har rettane i Geovekst-samarbeidet eller kommunane som står utanfor (Oslo, Bærum, Stavanger, Bergen og Trondheim). Send ein e-post til Kartverket (post@kartverket.no) med det aktuelle utsnittet, kva for stad det gjeld, og nokre ord om kva du vil bruke det til, så hjelper vi deg. Som regel vil du få lov å bruke dette gratis dersom det er til ikkje-kommersiell bruk og blir kreditert som du får beskjed om.
API og tenester
Enkelte av Kartverkets API/tenester har tekniske avgrensingar. Desse er oppgitt for den enkelte tenesta.
WMS- og cache-tenestene viser på eit visst zoom-nivå (nivå 12-20) data henta frå Geovekst-samarbeidet som Kartverket ikkje har rettane til eller alle rettar til åleine. Dette er data som kan brukast som dei er i ulike tenester på same premiss som for øvrige data. Det må imidlertid innhentast særskild løyve frå rettshavarane dersom dei skal kopierast eller brukast på annan måte. Send ein e-post til Kartverket (post@kartverket.no), så hjelper vi deg.
Lisensar ved bruk av API/tenester med eksterne kjelder
Nokre av Kartverkets API/tenester inneheld data frå eksterne kjelder og har difor ytterlegare lisensar. Kartverket tar ikkje ansvar for kor nøyaktige eksterne datakjelder er, eller for kvaliteten deira. Brukaren har sjølv ansvar for å følgje lisensane knytta til eksterne data.
Dette gjeld følgjande API/tenester:
- wms.dybderelieffpolar_v02 og wms.gebco_skyggerelieff: GEBCO
- EGK Europa grunnkart: EEA og GEBCO
- Barents_watch: GEBCO
Historiske kart
Kart eldre enn 100 år går Kartverket ut frå er falle i det fri i samsvar med lov om opphavsrett og åndsverk, og kan difor brukast fritt. Kart yngre enn 100 år er lisensiert etter Creative Commons Navngivelse 4.0 international (CC BY 4.0).
I begge tilfella ber vi om at ein oppgir kjelde på korrekt måte når kartet, eller utsnitt av kartet, blir nytta ved mangfaldiggjering eller til ulike typar publikumsløysingar (plakatar, brosjyrar, aviser, nettsider etc). Følgjande skal då med:
Kjelde: Kartverket (i parentes namn på utgjevar/produsent der dette er oppgitt, til dømes Norges Geografiske Oppmåling).
I vitskaplege eller andre litterære publikasjonar ber vi om ei utvida kjeldetilvising med følgjande informasjon:
• Kor originalen ligg (Kartverket)
• Utgjevar/produsent (i parentes som oppgitt ovanfor)
• Kartnamn/nummer
• Kartteiknar/grafikar, der dette er oppgitt
• Årstal, der dette er oppgitt
Døme på kreditering: Kartverket (Norges Geografiske Oppmåling): Rektangelmåling 1:50 000, 19A-1, Ltn. C. Lund, 1847.
E-posten er sendt