Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Siste oppdatering

Brukarrettleiing for stadnamn-API

Denne rettleiaren er retta mot utviklarar som vil bruke Kartverkets API for indeksert stadnamnsøk.

API-et er eit indeksert søk som går mot ein kopi av sentralt stedsnavnregister (SSR) i form av ein Lucene-indeks, optimalisert for hastigheit for å gjere søket eigna for ”Typeahead”-funksjonalitet. Les meir om eigenskapar og format for tenesta her.

URL-ar

URL til SOAP WSDL: https://ws.geonorge.no/SKWS3Index/ssrIndexSearch?wsdl
REST-URL: https://ws.geonorge.no/SKWS3Index/ssr/sok?

Spørjeparametrar

  • ssrId (ikkje kompatibel med andre søkeparametrar unik id fra gamle SSR): Stedsobjekt id (SSR id) for eit stadnamn. Til dømes " 1148612" som er "Ask" i Ringerike kommune.
  • ssrObjId (ikkje kompatibel med andre søkeparametrar): Objekt id (SSR Obj id) for eit stadnamn. Til dømes " 33602" som er "Glomma", og som vil returnere treff for både "Glomma" og "Glåma", som er begge namneeiningar tilknytta SSR Obj id 33602.
  • navn: Skrivemåte stadnamn i SSR. Kan ta "*" som trunkeringsteikn framfor eller etter strengen (men ikkje begge). Til dømes "Ask*", som vil returnere alle stadnamn som byrjar på "Ask".
  • nordLL: avgrensing for nord koordinat, nedre venstre hjørne.
  • ostLL: avgrensing for aust koordinat, nedre venstre hjørne.
  • nordUR: avgrensing for nord koordinat, øvre høyre hjørne.
  • ostUR: avgrensing for aust koordinat, øvre høyre hjørne.
  • fylkeKommuneListe: liste med kommune eller fylkesnummer. Til dømes "605,612" som vil avgrense søket til namn i Ringerike og Hole kommune.
  • antPerSide: Maksimum tal på treff som blir returnert. Standardverdi er 50, dersom parameter ikkje er sett. Høgaste tillatte verdi er 5000.
  • side: Kva for side treffa skal starte frå. Side 0 (fra første treff) er standard verdi. Ettersom
    5000 er maks per side må ein hente ei og ei side der det er meir enn 5000 i treffet.
  • epsgKode: Epsg kode for koordinatsystem for koordinatar i spørjing og retur. Standardverdi er 25833 (Euref 89, utm sone 33), dersom parameter ikkje er sett.
  • eksakteForst: Dersom verdien er "true", så vil namn som matcher nøyaktig ved eit trunkert søk, sorterast først, uavhengig av prioritet for namnet.
  • json: for å få json tilbake kan ein oppgi dette i søkestreng

Returparametrar

  • sokStatus
    • ok : ”true” dersom søket var vellukka, ”false” dersom ikkje.
    • melding: tom dersom søket var vellukka, vil innehalde feilmelding dersom det ikkje var vellukka.
  • stedsnavn (liste)
    • ssrId: Stadobjekt id (SSR id) for stadnamna.
    • navnetype: tekst for namnetypen til stadnamnet.
    • kommunenavn: namn på kommune for stadnamnet.
    • stedsnavn: Den offentlig representasjonen for stednamnet.
    • aust: Aust koordinat for representasjonspunkt for stadnamnet.
    • nord: Nord koordinat for representasjonspunkt for stadnamnet.
    • epsgKode: kode for koordinatsystem til stadnamnet (25833) er Euref89 utm sone 33.
    • skrivemaatestatus: Status for skrivemåten.
    • skrivemaatenavn: Skrivemåte for stadnamnet.
    • spraak: Språket til namnet.

Ingen av parametera er obligatoriske, men minst ein av parametra ssrObjId, ssrId, navn og geografisk begrensning (nordLL,ostLL, nordUR og ostUR) må vere sett.

Eksempel på bruk av REST-service

Eksemplet https://ws.geonorge.no/SKWS3Index/ssr/sok?navn=Ask*&maxAnt=50&epsgKode=42
58&fylkeKommuneListe=605,612&eksakteForst=true returnerer dei opptil 50 første namna som byrjar på "Ask" i Ringerike og Hole kommune, med namn som er nøyaktig ”Ask” sortert først.

Eksemplet https://ws.geonorge.no/SKWS3Index/ssr/sok?ssrId=1148612&epsgKode=25833 returnerer "Ask" i Ringerike kommune.

Eksemplet https://ws.geonorge.no/SKWS3Index/ssr/json/sok?antPerSide=5000&epsgKode=25832&side=0&fylkeKommuneListe=403 returnerer alle namna i kommune 403 dersom det ikkje er fleire enn 5000.

Hold deg oppdatert. Meld deg på nyhetsbrevet vårt.

Del

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg, Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.