Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Siste oppdatering

Tabellar for tidvatn til fri nedlasting

Undrar du på kva tid det er flo og fjære der du er eller skal segle til? Her finn du «Tidvasstabellar for den norske kyst med Svalbard» gratis tilgjengeleg for nedlasting i pdf-format.

Kartverket gjev ut publikasjonen «Tidvasstabellar for den norske kyst med Svalbard». I denne finn du høgde og tidspunkt for alle høg- og lågvatn i 17 standardhamner og omtrent 200 sekundærhamner. Tabell for tidvatn for Dover, England, er også med.

Publikasjonen oppdaterast for eitt år om gongen, og publiserast i hausthalvåret.

2020-utgåva av «Tidevannstabeller» og «Tidvasstabellar» er 83. årgang.

18.10.2019

Tidevannstabeller 2020 (bokmål - pdf 1,7 MB)

18.10.2019

Tidvasstabellar 2020 (nynorsk - pdf 1,7 MB)


Kartverkets 25 faste vasstandsmålere registrerar vasstanden kontinuerleg. Du kan sjekke vasstanden og tidvatnet der du er på Se havnivå.

Se havnivå

Den offisielle tabellen for tidvatn

Kartverket sine tabellar for tidvatn, utarbeidt av sjødivisjonen, er den offisielle og gjev både høgder og tidspunkt for høg- og lågvatn. Alle høgder referer til sjøkartnull. Standardhamnene har tilknytt ei eiga skisse med dei viktigaste nivåa for tidvatn. Publikasjonen gjev også ei forklaring på tidvatnfenomenet.

Vasstandsmålarar

Data frå våre permanente vasstandsmålarar overførast via mobilnett til sjødivisjonen i Kartverket, kor dei går gjennom ein kvalitetskontroll før dei lagrast i ein database. Overføringane skjer to gonger i timen, og omtrent samtidig er 10-minuttdata tilgjengeleg på nettenesta Se havnivå.

Mobile vasstandsmålarar

I tillegg til dei faste vasstandsmålarane utfører Kartverket vasstandsmålingar for kortare tidsrom på ei rekkje stadar langs kysten. Etter kvart har vi fått ei oversikt over variasjonane langs kysten, slik at vi kan finne vasstanden på dei fleste stader ved å korrigere målingane frå dei faste stasjonane.

Grunnlag for våre kart

Kartverket bruker vasstandsmålingar til å korrigere djupnemålingane slik at alle djup i eit sjøkart har same nullnivå, det sokalla sjøkartnull. Analysane av vasstandsmålingane gjev oss grunnlaget til å lage tabellar for tidvatn.

Del