Betre samanheng mellom referansenivå for sjø og land på Se havnivå
Frå 1. november vil forholdet mellom normalnull 2000 (NN2000) og middelvatn på Se havnivå bli meir presise enn dei er i dag. Samanhengen mellom referansenivåa er viktig for arbeid og planlegging i kystsona.
Både normalnull 2000 (NN2000) og middelvatn er mogelege referansenivå i menyane ved søk etter vasstandsdata på nettenesta Se havnivå.
Meir nøyaktig
Den 1. november 2023 tek Kartverket i bruk ein ny og betre omrekningsmodell, basert på eit mykje større datagrunnlag. Dette gjer at forskjellen mellom dei to referansenivåa middelvatn og NN2000 vert meir nøyaktig.
Nivåskissene på Se havnivå viser forholdet mellom høgdesystem og middelvatn, som varierer frå stad til stad, og gjev samanhengen mellom referansenivåa middelvatn og NN2000.
Oppdateringa vil gi endringar for alle dataa på Se havnivå som blir vist relativt til NN2000, både vasstand og andre nivå.

Forskjellar mellom ny og gammal modell
Den geografiske utstrekkinga til den nye modellen er mindre enn den gamle.
Den ytre grensa er no den same som høgdereferanse-modellen for NN2000, det vil seie 10–15 km utanfor grunnlinja, medan grensa tidleagare var mykje lengre ute til havs.
Vidare går den nye modellen berre eit kort stykke inn på land. Det kan føre til at du nokon stader ikkje får opp NN2000 som nivå, sjølv om vasstand er tilgjengeleg. Då kan du prøve å søke på ein stad nærare sjøen.
I 95 prosent av tilfella er forskjellen mindre enn 10 cm, men dei største endringane kan vere so mykje som 30 cm. Forskjellane er mellom anna fordi den gamle modellen var basert berre på data frå dei permanente vasstandsmålarane, medan den nye modellen har eit mykje større datagrunnlag.
Last ned modellen frå Geonorge: Middelvann over NN2000 | Kartkatalogen (geonorge.no)

Fakta Referansenivå
Referansenivå er det same som nullnivå.
Vi har ulike referansenivå for sjø og land.
Referansenivå på land er høgdesystemet Normal Null 2000 (NN2000).
Referansenivå til sjøs er sjøkartnull og middelvatn.
I alle norske sjøkart er referansenivået sjøkartnull.
Se havnivå Vasstand og tidvatn
Finn observert og varsla vasstand, tidvatn, landheving og framtidig havnivå i vår teneste Se havnivå.
E-posten er sendt