Jul i Skomakergata
Førebuingane til jul er godt i gang både i Adventveien, Syltebakken og Sledemeien, men kva er den mest «julete» adressa i Noreg? Fram til 17. desember kan du stemme i den uhøgtidelege avstemminga til Kartverket.
Hos Kartverket på Hønefoss finn du Sentralt stadnamnregister (SSR), som er databasen over norske adresser og stadnamn. Basen som Kartverket forvaltar med heimel i § 14 i lov om stadnamn, inneheld over ein million stadnamn.
Vi dykka derfor djupt ned i registeret på jakt etter den mest julete adressa. Her er noko av det vi fann på Stjerneveien (Fredrikstad, Nittedal, Hammerfest med fleire) til Blåfjell (fjell i Høyanger, Øvre Eiker, Bardu, Sogndal og Bodø med fleire).
Jul frå sør til nord
Det er over 250 stadnamn og gateadresser som byrjar på «jul». Om du synest Jolgrøsvatnet (Volda) høyrest kulsleg ut i vinterkulda, må det vel vere koseleg i Julebygda (Sandnes) etter at ein har varma seg på ei tår i Julkaffebyen (Snåsa). Og skal du lurkikke etter pakkane, kor er det vel betre å leite enn i Julekista (Grimstad)?
Om Julekvelden (badeplass i Nordre Follo) kjem brått på kjerringa, er det mykje som tyder på at Juldagen kjem like brått på skipperen: Tjue skjer, holmar og nes ber dette namnet. Avartar som Julaftegrunnen (Sande), Julholmen (Molde) og Julkaka (Aure) og ei utbreiing frå Larvik i sør til Øksnes i nord, tyder på brei, folkeleg forankring.
Avsløringar i etymologien
Ikkje alle julenamn har likevel nokon samanheng med jul, ifølgje etymologien som er historia om orda:
Jamfør dei språkkunnige kan forstavinga «jul» i eldre namn ha ulikt opphav. I Trøndelag finst namnet fleire stader og kan ha samanheng med plantenamnet «jol» (kvann). Andre stader blir namnet kopla mot mannsnamnet Gjurd (Juel).
Om lag ti av dei 30 000 samiske stadnamna i SSR startar også på jul, som Julosjávri i Målselv og Julkajohka i Kárášjohka -Karasjok. Julussa i Elverum kan stamme frå «jullausa» som i den «ljodlause» eller kvernar med hjulhus.
Men det er likevel flust av namn å ta av blant gateadressene: Her er både Jultreskogen (Aure og Hemnes), Julevegen (Steinkjer), Julstien (Stjørdal) og Julebauen (Lillesand).
Jordmor Magdalene og Alf Prøysen
Utvidar vi julesøket, må det vere gode sjansar for å vente pipebesøk i Reinsdyrvegen (Sandnes og Eigersund), viss ikkje sleden strandar i Akevittsvingen (Nordre Land). Men det held ikkje med adressa Skomakergata på julekortet om du vil at nissen eller postmannen skal finne fram, for den finn du både i Drammen, Dokka, Tinn og Rognan.
Det er ingen tvil om at kommunepolitikarane som vedtek nye gatenamn, er glad i hyggelege adresser. Vi har både Bakerstien og Dompapvegen. Men ingen av vegane fører dit ho Jordmor Matja bur, derimot til Jordmor Magdalene (Alta) og Jordmor Helga (Fosnavåg). Alf Prøysen har derimot fått sin eigen veg – ikkje berre ein, men fire stader.
Nisse-Nirvana
Stadnamnsregisteret inneheld heile 75 nissenamn, så som Nisseberget (Sandnes, Oslo, Marker, Aurskog-Høland, Enebakk, Nes, Eidskog og Sør-Varanger) og Nissehølet (ulike skrivemåtar i Nesodden, Flekkefjord og Indre Østfold).
Kva så med i Nissedal? Der burde jo juleglade folkevalde kunne boltre seg i kos, gøy og morosamt. Men nei, med unntak av Nissedalsvegen må vi til nabofylke og kommunegrannane Nome, Tinn, Hjartdal og Tokke før det blir freista med Skibakken og Skibakkeveien, medan Agder-naboane i Evje og Hornnes har Sledeveien.
Eit søk blant 230 til meir eller mindre vinterlege eller julerelaterte adresser (Akevegen, Kjelkebakken, Ribba, Snøfonna og Svibleveien) byr på ein liten skuffelse: Så langt Kartverket finn ut, er det ingen som kan freiste med julestemning både i gatenamn og poststad.
Så da får vi slå kron og mynt om kven som vinn av Indre Fosen og Horten: Dei kan begge freiste med stadnamnet Julaftan.
Søk i Norgeskart
Vil du leite etter fleire julete stadnamn? Den beste plassen å søke er rett i Norgeskart.no!
Livsviktige namn Frå ver til naud
Visste du at Kartverket matar inn alle stadnamn i Yr.no og sikrer rett adresse til naudetatane? Data frå Sentralt stadnamnregister (SSR) er gratis, og naudsynt i alle norske kart. Les meir om korleis du kan laste ned stadnamn eller knytte deg via API til SSR-registeret.
Kartverket i kryssild Slik blir stadnamn bestemt
Heilt frå 1800-talet har skrivemåten på stadnamn vore heftig diskutert her til lands. Kartverket har ei viktig rolle ved å fastsette korleis stadnamn skal skrivast. Her kan du lese meir om rolla til Kartverket og sjå oss i korta.
Kronikk om stadnamn Historia bak stadnamn
Har du tenkt over at stadnamn og skrivemåte kan vere eit kulturhistorisk minne? Stadnamn seier ofte noko om kva slags funksjon ein stad har hatt. Lær meir om dette i ein kronikk i samband med 30-årsjubileet for lov om stadnamn.
E-posten er sendt