Siste oppdatering

Spektakulær skanning kartlegg Oslo hamn

Onsdag 14. desember kl. 10-14 kan Oslofolk få eit spektakulært syn når grønt laserlys frå eit fly i låg høgde kartlegg detaljar over og under vatn. I ei ny storsatsing er Oslo hamn modell for korleis norske hamner kan bli digitale og automatiserte. 

Eit kraftig grønt lys kan bli godt synleg i Oslo når laserstrålane frå eit fly i låg høgd borar seg gjennom vatnet og ned på sjøbotnen mellom Ekebergåsen, Bygdøy og Nesodden.

Resultatet er tredimensjonale kart med ekstremt detaljert hamneinformasjon – samanhengande frå land til under vatn i dei grunnaste områda.

– Hamner skaper store verdiar i heile landet og er viktige hjørnesteinar i norske kommunar. Digitalisering av hamnene vil auke verdiskapinga og betre beredskapen, både for skipstrafikken, hamnene og kommunane, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

GRØN LASER: Slik blir grøn laser brukt til å kartlegge sjøbotnen på grunne område. Illustrasjon: Teledyne Optech
GRØN LASER: Slik blir grøn laser brukt til å kartlegge sjøbotnen på grunne område. Illustrasjon: Teledyne Optech

Samanhengande over og under vatn

Ni norske hamner, inkludert Oslo hamn, jobbar saman med Kartverket for å digitalisere hamnene i eit prosjekt som er finansiert av Kystverket og prosjektdeltakarane. I Oslo blir grøn laser testa for å sjå korleis kystnære område kan bli kartlagt meir effektivt.

– Med denne laserskanninga leverer vi ein særs viktig bit i puslespelet der Oslofjorden blir kartlagt i minste detalj. Vi kjem eit langt skritt nærare ein 100 prosent komplett digital terrengmodell som er felles over og under vatn. Modellen utgjer fundamentet som kunnskapen kan bygge på i framtida, seier kartverksjef Johnny Welle i Kartverket.

Her kan du sjå eit eksempel frå Helligvær på kva slags data ein får under skanning med grøn laser:

Overflyging med laserskanning

90 prosent gods på sjø

Om lag 90 prosent av gods som blir transportert inn og ut av Noreg, kjem via sjøvegen. Gjennom ei tilskotsordning for effektive og miljøvennlege hamner, kan Kystverket vere med og finansiere prosjekt som mellom anna gjer hamnedrifta meir effektiv.

– Digital infrastruktur blir stadig viktigare for hamnedrifta. Slike digitaliseringsprosjekt synleggjer potensiale for store innsparingar gjennom effektivisering, seier Sven Martin Tønnessen, direktør for transport, hamn og farlei i Kystverket.

Store miljøgevinstar

Digitalisering av hamnene gjer innseglinga sikrare, reduserer liggetida og ventetida for skipa ved kai.

– Båtane får samanhengande data heilt frå sjøbotnen og inn på kaianlegget. Med meir detaljert informasjon kan skipa betre rekne ut nøyaktig kor mykje last dei kan ha og legge inn presise tryggingsmarginar, seier Welle.

Når båtane bruker mindre tid på segling og venting i hamna, slepp dei også ut mindre CO2. Berre for dei ni norske hamnene som no blir digitaliserte, kan utsleppa bli redusert med ca. 120.000 tonn CO2. Det er om lag ein tiandepart av dei samla utsleppa frå norsk innanriks luftfart (2017-tal).

FLYRUTE: Slik kjem flyet til å kartlegge Oslo hamn
FLYRUTE: Slik kjem flyet frå Field Group til å kartlegge Oslo hamn.

 

Effektive hamner

– Digitalisering vil revolusjonere hamnene, fastslår Hege Berg Thurmann i Oslo Havn KF som er prosjekteigar. No blir det lagt til rette for autonome skip og hamneoperasjonar.

– Når dei digitale løysingane blir tatt i bruk, vil det endre heile måten å drive hamna på. Systema som blir utvikla no, blir tilgjengelege for alle norske hamner, seier Berg Thurmann.

Mellom anna blir det utvikla digital kai- og tenestebestilling som erstattar e-postar og manuelt arbeid: Når eit fartøy skal segle inn til ei hamn, blir sendt i snitt 117 e-postar fram og tilbake mellom skipet og hamna.

Med ny digital plattform for samhandling og kommunikasjon mellom skip og hamn, kan kaptein og hamnesjef oppdatere bestilling av kaiplass og fortøyingsplan i sanntid utan ein einaste e-post. 

– Dette gjer planlegging og gjennomføring av anløp meir smidig, både for hamn og fartøy, seier Thurmann.

Her kan du sjå korleis dei nye digitale plattformane gjer logistikken enklare for kaptein og hamnesjef.

Ufarleg laser

NOHD (augesikker avstand til laseren) er 205,8 meter med den innsamlingsmodusen som skal brukast under prosjektet.

- I prosjektet er flygehøgda planlagt til mellom 400 og 500 meter over bakkenivå. Derfor er ikkje dette noko problem, seier fagansvarleg Bernt Larsen i Field Group AS.

For at dette skal utgjere nokon fare, må du sjå med kikkert rett inn i laserlyset fleire gonger eller over lang tid. Dette krev ein innsynsvinkel på 20 gradar mot sensoren. Sidan flyet held ca. 240 km/t i lufta, er dette noko som Field Group meiner er lite truleg.

- Kjem vi på noko tidspunkt innanfor augesikker avstand til bakken, har sensorsystemet bygd inn marginar som automatisk stenger av laserpulsen, legg Larsen til.

Digitale hamner Om prosjektet

  • Skal utvikle felles teknologi og database for å dele hamnedata
  • Vil legge til rette for meir effektiv drift av norske hamner og gjere dei sikrare og meir miljøvennlege
  • Samarbeid mellom Kartverket og ni norske hamner (Arendal, Bergen, Bodø, Båtsfjord, Karmsund, Kristiansand, Kristiansund, Oslo, Trondheim)
  • Budsjett på 32 millionar kroner, finansiert av Kystverket og prosjektdeltakarane
  • Grøn laser i Oslo hamn er eit pilotprosjekt finansiert med 50% frå prosjektet Norsk digital hamneinfrastruktur og 50% frå Nasjonal detaljert høgdemodell
  • Leverandørar er Grieg Connect, Field Group og Ocean Infinity.

Grøn laser Om målingane

  • Laserskanning med Lidar-teknologi frå fly
  • Teknologien blir testa for å sjå om det kan kombinere kartlegging av landareal og grunne sjøområde
  • Målet er å få gode og ferske data over djupneforhold i nærområda til hamna
  • Oslo hamn er vald på grunn av plassering og vatnet her er grumsete
  • Kartverket har tidlegare testa flyboren laserteknologi for sjøkartlegging ved Fjøløy og Klosterøy i Rogaland og Helligvær og Bliksvær i Nordland til Marine grunnkart i kystsona.

Nøkkeltal Om gevinstar

  • Samla årleg gevinst i dei ni hamnene er berekna til rundt 1,2 milliardar kroner, inkludert kortare liggetid (380 millionar kr), andre logistikkoperasjonar (80 millionar kr) og digital kaibestilling (250 millionar kr).
  • Dei ni hamnene som er med i prosjektet har over 60.000 kaibesøk av skip i året. Tala er baserte på statistikk frå hamnene
  • Årleg kan prosjektet redusere utslepp på ca 120.000 tonn CO2 (for ni hamner). Det er kortare liggetid for skipa i hamn og meir effektive hamneoperasjonar som reduserer utslepp frå skipa. Miljøgevinsten blir høgare når fleire hamner blir med.
Del
XPPT