Siste oppdatering

Kartverkets historiske arkiv

Kartverkets historiske arkiv inneheld over 15.000 historiske kart i ulike målestokkar frå så langt tilbake som 1500-talet. Store delar av arkivet er fritt tilgjengeleg på nett.

 

Sjøkart over Nøtterøy og Tjøme fra ukjent år
HISTORISK: Kartutsnitt av sjøkart over Nøtterøy og Tjøme frå ukjend årstal. Handteikna i ukjend målestokk. Original kartstorleik ca. 18 cmx22 cm.

Nedanfor gjer vi greie for Kartverkets historiske arkiv og dei ulike kartseriane som inngår i det. Ønskjer du berre å sjå eller laste ned kart frå arkivet, kan du gjere det i nedlastingsløysinga vår for historiske kart.

Viktig kulturarv

Kartverket har cirka 10.000 historiske landkart i ulike målestokkar frå så langt tilbake som 1700-talet. Vi har rundt 500 historiske sjøkart og -dokument tilbake til 1500-talet.

Handteikna originalar og trykte kart utgjer ein stor del av arkivet vårt.

Kartverkets historiske arkiv byggjer i hovudsak på kartlegging som etaten sjølv har gjort for både militære og sivile føremål. Men vi har også ei større samling frå andre etatar og produsentar.

Arkivet er ein kulturarv som seier mykje om utviklinga i Noreg, landskapsforståing, stadnamn, samferdsel, kommunikasjon og ikkje minst busetnad. Kartverket arbeider heile tida med å gjere det historiske materialet vårt lettare tilgjengeleg.

Her er nokre av kartseriane som er å finne i arkivet:

Kvadratmilkart (1:10 000)

Utsnitt fra kvadratmil nr30 fra 1774
Utsnitt frå Kvadratmil nr. 30 frå 1774. Kartteiknar: Ukjend

Serien som består av 210 handteikna kartblad, blei produsert frå cirka 1774 og fram til 1808. Karta dekkjer det meste av Østfold, delar av Akershus og Hedmark heilt opp til grensa mot Sør-Trøndelag. Hovudmålet med denne serien var å kartleggje områda langs riksgrensa som eit ledd i det norske forsvaret mot Sverige. Karta er usedvanleg detaljerte og nøyaktige for busette strok og fortel mykje om enkelte gardsanlegg. Dei er saman med seinare rektangel- og gradteigsmålingar ei viktig historisk kjelde for lokalhistorisk arbeid.

Sjå oversiktskart

Rektangelmålingar (1:10 000-1:100 000)

Utsnitt fra rektangelmåling nr 18DD12 fra 1843
Utsnitt frå rektangelmåling nr.18D12 frå 1843. Kartteiknar: Kaptein Lund

Systematisk kartlegging av Noreg kom så smått i gang med rektangelmålingane på 1820-talet. Rektangelmålingane hadde basis i ulike punkt i Sør- og Nord-Noreg. Den mest kjende basisen gjekk gjennom i flaggstonga på Kongsvinger festning. Desse punkta la grunnlag for rutenett som etter kvart skulle strekkje seg frå Lindesnes i Vest-Agder til Leirfjord i Nordland. I tillegg blei det utført enkelte målingar med rektangelinndeling både i Troms og Finnmark fylke. Rektangelmålingane låg til grunn for dei trykte rektangelkarta. Dei siste målingane etter rektangelrutenettet blei utførte på 1890-talet. Desse utgjer i dag cirka 2000 kartblad.

Sjå oversiktskart, originalmålingar sør

Sjå oversiktskart, originalmålingar nord

Gradteigsmålingar (1:50 000)

Utsnitt fra gradteigsmåling M8-sv fra 1908
Utsnitt frå gradteigsmåling M8-sv frå 1908. Kartteiknar: Solberg

Gradteigsinndeling av landet tok utgangspunkt i meridianen som gjekk gjennom austre fløy på Christiania observatorium. Dei originale gradteigsmålingane dekte i hovudsak Noreg nord for Mo i Rana, inn i Troms fylke og i tillegg delar av Finnmark. Dei siste handteikna gradteigane blei laga på 1950-talet då konstruksjon av kart frå flybilete starta opp. Til saman utgjer desse cirka 1500 kartblad.

Amtskart (1:200 000)

Utsnitt fra Romsdals amt nr24-sv fra 1884
Utsnitt frå Romsdals amt nr 24-sv frå 1884. Kartteiknarar Ragnar Ziener og Fr. Eriksen

Dei første viktige trykte karta kom med amtskarta. Produksjonen av desse starta i 1826 og var i sal heilt fram til 1970-talet. Dei første karta i denne serien omfatta Østfold (Smålenene), deretter følgde resten av fylka i landet med unntak av Nordland. Denne serien utgjer 48 kartblad, og i tillegg revisjonar.

Rektangelkart (1:100 000)

Utsnitt fra trykt rektangelkart 50A fra 1881
Utsnitt frå trykt rektangelkart 50A frå 1881. Kartteiknarar: Carl Bjone, Eriksen og Pedersen

Dei trykte rektangelkarta kom på slutten av 1860-talet og var i sal heilt til 1979. Her låg dei handteikna rektangelmålingane til grunn for utgjevinga. Desse utgjer cirka 170 kartblad.

Gradteigskart (1:100 000)

Utsnitt fra trykt gradteigskart I11_1903
Utsnitt frå trykt gradteigskart I11_1903. Kartteiknarar: Natrud og C. Pedersen

Trykte gradteigskart blei produserte første gong rundt 1895. Til grunn for denne trykte serien låg i hovudsak handteikna gradteigsmålingar. Dei trykte gradteigskarta var i sal fram til 1990. Desse utgjer cirka 250 kartblad.

Sjå oversiktskart gradteigskart

Noreg 1:50.000 (M711)

Utsnitt fra M711 Børselv 2035-1 fra 1952
Utsnitt frå M711 Børselv 2035-1, 1952

Den noverande landsdekkjande kartserien Norge 1 : 50 000 kom ut på slutten av 1950-talet og blei fullført i løpet av cirka 30 år. Basis for denne serien var ei mengde oppfotograferte gradteigs- og rektangelkart sette saman i mosaikk. Dette arbeidet starta i 1952. Karta blei også kjende som ”svart-kvitt, blå vatn”. Etter kvart låg nye flyfoto til grunn for serien, og M711 blei den første einsarta kartserien som dekte heile landet. Til saman er det 730 kartblad og i tillegg revisjonar.

Sjå oversiktskart

Økonomisk kartverk (1:5000)

Utsnitt fra ØK-kartblad BFO294R-2004-2005
Utsnitt frå ØK-kartblad BF0294R-2004-2005

Dette er detaljerte kart av alle område med økonomiske interesser. Målestokken på denne serien er 1 : 5000 og dekkjer byar, tettstader, jordbruksområde og område med produktiv skog. Det vil seie dekking av "halve landet", i hovudsak frå fjorden og opp til tregrensa. Totalt finst det omkring 32 000 kartblad, ein del av desse i fleire utgåver. Kartlegging starta omkring 1960, med andre- og eventuelt tredje gongs kartlegging av ein del område på 1980- og 90-talet.

"Norgesavdelingen"

Utnsitt fra Norgesavdeling 170 nord fra 1852
Utsnitt frå Norgesavdeling 170 nord frå 1852. Kartteiknar: Peter Andreas Munch

"Norgesavdelingen" er ei samling som består av kart over heile, eller større delar av Noreg. Dei fleste karta er produserte ved andre institusjonar enn Kartverket eller av private aktørar. Karta er laga i tidsrommet frå 1600-talet og fram til i dag. Hovudmengda av desse er i mindre målestokk. Døme på kart i "Norgesavdelingen" er nedtrekkskart brukte i skuleundervisning. Til saman er det cirka 1130 kart i denne serien.

Amtskartsamlinga/ fylkesavdelinga

Utsnitt fra NEdenes amt nr4 fra 1775
Utsnitt frå Nedenes amt nr 4 frå 1775. Kartteiknar T. Bugge

Dette er ei samling av kart over heile, eller delar av fylke. Samlinga inkluderer kart over dei fleste av byane i landet. Dei eldste karta er frå slutten av 1600-talet. Totalt utgjer samlinga cirka 2500 kart.

Andre samlingar

Utsnitt fra Grevskapsmåling 9A12-20 fra 1813
Utsnitt frå Grevskapsmåling 9A12-20 frå 1813. Kartteiknar: Løytnant Mejlander

I tillegg inneheld arkivet samlingar laga i samarbeid med andre etatar eller produsentar. Medrekna mellom anna grevskapsmålingane (1810–1814), tromskrokeringane (1869–1872), fossummålingane (1912–1914) og generalkarta (1868–1910). Her er også samlingar av temakart knytt til geologi, jarnbane, post, fløyting, reindrift, byregulering og så vidare.

Utanlandssamlinga

Utsnitt fra Sverige nr46 fra 1864
Eksempel på kart frå utanlandssamlinga med utsnitt frå Sverige nr 46, 1864.
Kartteiknar T. A. von Metzer

Kartverket har fått kart frå besøkjande frå andre verdshjørne. Dette inneber at vi har ei utanlandssamling som inneheld fleire godbitar både frå nabolanda våre og noko frå andre verdsdelar.

Del