Historie

Allereie i 1773 starta den første offisielle kartlegginga av Noreg. Mykje av denne historia er dokumentert i Kartverkets samlingar.

Slik kartla vi landet

Kartverkets historie er historia om fagfelt i rivande utvikling, frå møysommeleg feltarbeid med teodolitt og notisbok, til moderne kartlegging med flyfoto, laserskanning og satellitteknologi.

Ta ein titt på teodolitten

Vi har ei unik samling av instrument og utstyr brukt til oppmåling og kartlegging gjennom fleire hundre år. Bli med på ein digital titt inn i norsk oppmålingshistorie (lenke til digitaltmuseum.no).

Serie på serie med kart

Kartserien kvadratmilkart består av 210 handteikna kartblad og blei produsert frå 1774 til 1808. Les om denne og alle dei andre kartseriane i Kartverkets arkiv.

 

Last ned historiske kart

Vil du ha eit gammalt kart på hytteveggen? Last ned kart-skattar frå Kartverkets historiske arkiv heilt gratis. Du kan velje blant over 17.000 gamle kart.

Vil du kjøpe historiske flyfoto?

Kartverkets sentralarkiv for flyfoto og satellittbilder inneheld originalar av samtlege flybilete tatt i Noreg frå 1935 og fram til i dag.

Del