Kartlegging i Vestland 2025
Det er starta opp seks Geovekst-prosjekt i 2025, med flyfotografering, laserskanning og produksjon av nye kartdata som inngår i det offentlege kartgrunnlaget.
Oversikt
Her finn du ein tabell med status for alle pågåande kartleggingsprosjekt i Vestland.
Det er også starta opp to ortofotoprosjekt, og eit breskanningsprosjekt. Eit FKB-C kartleggingsprosjekt er det også planlagt å starte opp i løpet av 2025.
Nordhordland Gulen 2025
Flyfotografering i Gulen, Alver, Masfjorden og Osterøy kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Nordhordland Gulen laser 2025
Laserskanning i Gulen, Alver, Masfjorden og Osterøy kommune. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjekta i desse kommunane, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Eidfjord 2025
Flyfotografering i Eidfjord kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Eidfjord laser 2025
Laserskanning i Eidfjord kommune. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjekta i desse kommunane, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Aurland Årdal 2025
Flyfotografering i Aurland og Årdal kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Aurland laser 2025
Laserskanning i Eidfjord kommune. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjekta i desse kommunane, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.

Øygarden Askøy ortofoto 2025
Flyfotografering i Øygarden og Askøy kommune. Flybileta vert brukt til etablering av ortofoto.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Bergen ortofoto 2025
Flyfotografering i Bergen kommune. Samarbeidsprosjekt med Grunnkart Bergen. Flybileta vert brukt til etablering av ortofoto.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Folgefonna Sørfjorden laser orto 2025
Laserskanning på Folgefonna med tilhøyrande områder. Laserskanninga vert utført for NVE og E-partar, og vert brukt til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

FKB-C Vestland nord
Planlagt å starte opp i løpet av 2025. Prosjektet vil omfatte nykonstruksjon FKB-C frå omløpsfoto, og ta hand om dei lokale Geovekst- partane sin kostnad for omløpsfoto og tilhøyrande CIR-ortofoto og 16 bit RGBI, samt evt. AR5 kostnad som ikkje ligg inne i dei vanlege Geosvekst- prosjekta.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Om Geovekst-samarbeidet
Det er dei lokale partane i Geovekst-samarbeidet som står bak prosjekta. Nyproduserte data inngår i det offentlege kartgrunnlaget og vert tilgjengeleg mellom anna via:
- norgeibilder.no (ortofoto, georefererte flyfoto)
- hoydedata.no (laserdata og matcha overflatemodellar)
- norgeskart.no (oppdaterte kart)
I tillegg til lokale Geovekst-prosjekt vert det også gjennomført datafangst i Vestland fylke i regi av Kartverket ved:
- Sjødivisjonen til kartverket; Dei måler behovsbasert langs kysten med multistråle ekkolodd. Sjå oversikt over djupnedata på hoydedata.no
- Nasjonalt program for omløpsfotografering har fotografert områda «Sogn 2023» og «Sogn 2024» (Nordfjord, Sunnfjord- Sogn) som er tilgjengeleg i norgeibilder.no, og planlegg fotografere «Hardangervidda 2025» i år.
E-posten er sendt