Siste oppdatering

Kartlegging i Vestland 2022

Det vert starta opp tre vanlege Geovekst-prosjekt i 2022, med flyfotografering, laserskanning og produksjon av nye kartdata som inngår i det offentlege kartgrunnlaget.

Oversikt

Ein er også i godt i gang med eit nytt prosjekt med historiske ortofoto, og eit prosjekt som vil gi betre kart i fjellområder fylket.

Hardanger 2022 LACHVL21

Flyfotografering i kommunane Ullensvang, Ulvik og Kvam. Flybileta vert brukt til etablering av ortofoto, til matching av overflatemodell, og som grunnlag for nykonstruksjon av FKB-B kartgrunnlag.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Kartutsnitt over Hardanger med prosjektomriss i grønt
HARDANGER: Prosjektområde er markert med grøn farge. Ill: Kartverket.

Stad Gloppen 2022 LACHVL22

Flyfotografering i kommunane Stad og Gloppen. Flybileta vert brukt til etablering av ortofoto, til matching av overflatemodell, og som grunnlag for FKB-B kartkonstruksjon.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Kartutsnitt over Stad Gloppen med prosjektomriss i blått
STAD/GLOPPEN: Grøn farge viser områder med nykonstruksjon av FKB-B. Blå farge viser områder med ajourføring av FKB-B. Ill: Kartverket.

Lærdal 2022 LACHVL23

Flyfotografering i Lærdal kommune. Flybileta vert brukt til etablering av ortofoto, til matcing av overflatemodell, og som grunnlag for ajourføring av FKB-B kartgrunnlag.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Kartutsnitt over Lærdal med prosjektomriss i lilla
LÆRDAL: Prosjektområde er markert med lilla farge. Ill: Kartverket.

Laserskanning Hardanger Lærdal 2022 LACHVL21/23

Laserskanning i Geovekst-prosjekta Hardanger og Lærdal er samla og lyst ut som eit eige oppdrag.

  • Laserskanning med 10 punkt pr m2 i kommunane Ullensvang, Ulvik, Kvam, Samnanger og Lærdal. Oppdraget er delt i tre områder, Hardanger som er teikna i lilla farge, Lærdal nedre i raud farge og Lærdal opsjonsområde som er teikna i grøn farge.
  • Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjekta Hardanger 2022 og Lærdal 2022, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.
  • Det er bedt om klassifisering av høgspent (klasse 13 Ledning – Beskyttelse, 14 Ledning, 15 Mast, 19 Flymarkør) samt opsjon på RGB til punktsky, opsjon vektorisering av høgspent og opsjon NRL-leveranse høgspent.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Kartutsnitt over Hardanger og Lærlad, med prosjektomriss i lilla
LASER: Prosjektområde er markert med lilla, raud og grøn farge. Ill: Kartverket.

Historiske ortofoto Vestland fylke LACHVL06

Dette er andre runde med historiske ortofoto i fylket. Prosjektet er i produksjon og det vil kome puljevise leveransar med historiske ortofoto i kommunane gjennom hausten 2022 og vinter/vår 2023. Prosjektet omfattar:

  • 54 flyoppgåver, cirka 12 300 flybilete frå 1980-talet
  • 20 flyoppgåver, cirka 2 300 flybilete eldre «nitratfoto» frå 1935-1962

Klikk for å sjå heile kartutsnittet

To kartutsnitt over historiske ortofoto med prosjektomriss i blått
HISTORISKE ORTOFOTO: 54 oppgåver frå 1980-talet (vist til venstre) og 20 flyoppgåver frå 1935-1962 (vist til høgre). Ill: Kartverket.

FKB C fjell og kystområder Vestland fylke LACHVL05

Omløpsfoto frå 2019 og 2020 vert brukt som grunnlag for etablering av betre kartdata i fjell og kystområder. Prosjektet er i oppstartsfasen, og omfattar fjellområder i kommunane Etne, Kvinnherad, Ullesvang, Kvam, Vaksdal, Modalen, Alver, Masfjorden, Solund, Gulen, Askvoll, Hyllestad, Fjaler, Høyanger, Vik, Lærdal, og Sunnfjord.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Prosjektområde FKB-C
FJELL OG KYST: Nykonstruksjon FKB-C er vist med oransje farge. Illustrasjon: Kartverket Vestland.

Om Geovekst-samarbeidet

Det er dei lokale partane i Geovekst-samarbeidet som står bak prosjekta. Nyproduserte data inngår i det offentlege kartgrunnlaget og vert tilgjengeleg mellom anna via:

I tillegg til lokale Geovekst-prosjekt vert det også gjennomført datafangst i Vestland fylke i regi av Kartverket:

 

Del