Sjøkart går ut på dato. Du kan sjølv sjekke om ditt kart er gyldig. I hjørnet på papirkartet, nede til venstre, står månad og år for når sjøkartet blei utgjeve, i tillegg til kva utgjeving av Etterretninger for sjøfarende (Efs) kartet er oppdatert til. Kvar og ein sjøfarande skal vere merksam på den risikoen det medfører å ikkje segle på oppdaterte sjøkart, og det ansvaret dei med det tar på seg.

Norske sjøkart blir oppdatert kontinuerleg og kan plottast på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta. Med eit Print on Demand-kart (POD-kart) får du eit sjøkart oppdatert til dags dato med alle sikkerheitskritiske oppdateringar og rettingar som har vore publisert i Etterretninger for sjøfarende (Efs). Etter kjøp må brukaren sjølv halde kartet oppdatert ved hjelp av Efs. Er det større endringar i kartet, blir det gjeve ut som eit «nytt kart» eller i «ny utgåve».

Sjå oversikt over utgjevingsdato (kartdato) for norske sjøkart (pdf).

Nytt sjøkart

Eit sjøkart blir utgjeve i kategorien «nytt kart» når det har store endringar i utforming, avgrensing eller innhald.

Eit «nytt kart» er ei første utgjeving av eit sjøkart som anten:

  • dekkjer eit område som ikkje tidlegare er kartlagt i målestokken som det gjeld
  • omfattar nytt dekningsområde for eit allereie eksisterande kart
  • omfattar ein modernisert versjon av eksisterande kart med omsyn til symbol og generell presentasjon
  • omfattar adoptering av eit internasjonalt kart (INT-kart), eller eit nasjonalt kart først utgjeve av ein anna nasjon

Eit nytt kart gjer alle tidlegare utgåver av sjøkartet ugyldig. Melding om kartrettingar i Etterretninger for sjøfarende(Efs) vil frå dette tidspunkt berre vere knytt til det nye kartet.

Ny utgåve av sjøkart

Dersom Kartverket har fått ny informasjon om svært viktige endringar av navigasjonsmessig betydning, vil sjøkartet bli utgjeve i kategorien «ny utgåve». Sjøkartet vil, i tillegg til desse vesentlige endringane, innehalde rettingar som tidlegare har vore publisert i Etterretninger for sjøfarende (Efs).

Når eit sjøkart blir utgjeve som ny utgåve, vil eksisterande utgåve av kartet gjerast ugyldig. Melding om kartrettingar i Etterretninger for sjøfarende (Efs) vil frå dette tidspunktet berre vere knytt til det nye kartet.

Kva for sjøkart som kjem ut som nye utgåver eller nye sjøkart, blir publisert på sida «Nyheter om sjøkart».

Rettingar blir meld i Etterretninger for sjøfarende (Efs)

Alle sikkerheitskritiske oppdateringar og rettingar til Kartverkets sjøkart blir publisert kvar fjortande dag i Etterretninger for sjøfarende (Efs) på kartverket.no/efs.

QR-kode

Sjøkarta har ein QR-kode som gjer det mogleg, ved hjelp av smarttelefon eller nettbrett, å få tilgang til alle rettingar knytt til sjøkartet. Dessutan får du tilgang til all informasjon om sjøkartet og gyldigheit.

Målestokk

Ved navigering i tronge farvatn bør ein bruke sjøkart i størst målestokk, då desse gjev dei beste og mest detaljerte opplysningane. Kart i mindre målestokk er sterkt forenkla i farvatn innaskjærs.

Den offisielle norske sjøkartporteføljen som blir utgjeve av Kartverket, inneheld 233 kart. Desse har målestokk som er tilpassa ulike brukarbehov.

Les meir om sjøkart på papir.

Kjeldediagram

Datakvaliteten i eit kart avheng av når områda sjøkartet dekkjer, blei kartlagt. Når det er stor variasjon i datakvaliteten i eit kart, brukast det difor eit kjeldediagram. Kjeldediagrammet viser ved hjelp av fargar korleis dei forskjellige områda i kartet blei sjømålt. Dette seier indirekte noko om kvaliteten.

Den aller viktigaste funksjon til kjeldediagrammet er å synleggjere område der datagrunnlaget er av betydeleg dårlegare kvalitet, altså der det er ein større risiko å navigere.

Kjeldediagram i eit hovudseriekart (målestokk 1:50 000) er eit lite og generalisert kartbilde i målestokk 1:500 000 som plasserast på ein eigna stad i papirkartet.

I eit kjeldediagram blir følgjande fargar nytta:

  • Gult for landareal (same farge som landtone i kartet)
  • Rødt for eldre data, vanlegvis målt med loddesnor. Området er då kartlagt før ca. 1960.
  • Grønt for meir moderne data. Desse er kartlagde med enkeltstråle-ekkolodd (sjømålt ca. i perioden 1960 til 1995).
  • Blått for moderne data. Desse er kartlagde ved hjelp av multistråle-ekkolodd eller laser.
  • Kvit farge vil seie at området ikkje er kartlagt.

Spesialar og vignettar

I hovudkart og hamnekart vil ein kunne finne små kart i eigne rammer: Vignettar og spesialar.

Kva er ein vignett?

  • Vignetten viser framhald av kartet der kartbiletet går ut over avgrensinga i kartet, til dømes ein lang fjord som det ikkje er mogleg å utvide kartramma for.
  • Har same målestokk som sjølve kartet.
  • «Continued on Plan» står med raud skrift langs kartramma der seglasen held fram over i ein vignett.

Kva er ein spesial?

  • Ein spesial er eit utsnitt av kartet som blir vist i eiga kartramme.
  • Viser eit viktig parti av sjøkartet i ein større og betre målestokk, til dømes viktige hamner og tronge passasjar.
  • Område der det finst spesialar er merka med ei raud ramme og «Plan» i raud tekst i sjølve kartet.
  • Kartramma rundt vignettar og spesialar er like.

Datum

Alle gjeldande norske sjøkart har (pr. nov 2015) datum WGS84. Datum fortel kva gradnett kartet er basert på. Kva datum sjøkartet har står med stor raud skrift øvst i høgre hjørne i papirkartet. Posisjonar frå GPS-baserte system kan brukast direkte i sjøkart med WGS84 gradnett.

For å finne ein posisjon (oppgitt i grader, minutt og sekund) i kartet må ein vite kva datum koordinatane er oppgjeve i. I tillegg må ein sjekke kva datum kartet har. Dersom datum ikkje er den same, vil posisjonen bli feil. Om kartet har eit datum ulikt det posisjonen er oppgjeve i, må ein rekne om koordinatane (grader, minutt og sekund) før ein kan setje posisjonen i kartet.

Fram til 1957 blei norsk datum (NGO1948) brukt, medan sjøkart produsert mellom 1957–1992 er basert på europeisk datum (ED50). Sjøkart produsert etter 1992 refererer til det globale datumet World Geodetic System (WGS84). I dag refererer alle dei norske sjøkarta til WGS84.

WGS84 erstatta ED50 som offisielt horisontalt referansesystem på sjøen. WGS84 er eit internasjonalt geodetisk referansesystem utan dei store uregelmessigheitene forbunde med dei tidlegare systema.

Losskisse (Harbour sketch)

Ei losskisse er eit kart som er produsert spesielt til farvatnskildringa Den norske los.

Dersom eit område i sjøkartet er merka med ei raud ramme og teksten «Harbour sketch», betyr det at det finst ei losskisse for dette området i Den norske los. Nedst i kartrama vil du finne informasjon om kva bind av Den norske los du kan finne losskissa i.

Losskissene er i målestokk på 1:5 000 og 1:10 000, men det finst nokre unntak i målestokk 1:20 000.

Det er viktig å merke seg at losskissene ikkje blir oppdatert like ofte som sjøkarta. Dette betyr at ei losskisse er eit navigasjonshjelpemiddel, ikkje et offisielt sjøkart.