Vil du kartlegge tilgjengelegheit av uteområde?
Fristen for å søke om støtte til kartlegging i 2025 er 11. april. Totalt blir det delt ut eit samla tilskot på kr. 1,3 mill. i år. Vi vurderer alle søknader nøye og prøver å komme dei fleste i møte.
Vi held fysiske og digitale rettleiingskurs i mai/ juni 2025 for alle prosjektdeltakarar. Kartlegginga startar rett etter kursperioden.
Kartverket jobbar også med å oppdatere sjølve kartleggingsverktøyet, basert på tilbakemeldingar frå brukarane. Målet er å bli ferdig til den nye kartleggingssesongen.
Prosjektstatus for kartlegginga
Nasjonal kartleggingsmetode
Metoden til Kartverket er den einaste nasjonale framgangsmåten for å kartlegge tilgjengelegheit. Uteområde og inngangsparti blir kartlagt slik at ein kan gjere det meir tilgjengeleg enten du ser dårleg, sit i rullestol eller har andre funksjonsbegrensingar.
KARTVERKETS METODE: Kartlegging av tilgjengelegheit i uterom blir lagd inn i Norgeskart.no. (Foto: Marianne Fagerland Kjelstad / Kartverket)
Dei som kjenner til kartleggingsmetoden, finn den nyttig i arbeidet med planlegging, byutvikling og friluftsliv. Sjølve kartlegginga bidrar dessutan til å heva kompetansen om universell utforming.
Her kan du lese meir om evaluering av metoden: Undersøkelse om tilgjengelighetskartlegging med Kartverkets metode
E-posten er sendt