Siste oppdatering

Region- og årsmøte Vestland

Tradisjonen tro planlegg vi òg i år for seks årsmøte. Møta vert haldne i perioden 11. mars - 15. mai. Sjå når din region har møte, og meld deg på.

Som før planlegg vi for seks årsmøte. Det er nok mest praktisk at kvar kommune melder seg på til møtet i sin region. Dette då presentasjonane først og fremst vil ta føre seg den aktuelle regionen vi har møtet i. Men det er også høve til å melde seg til eit anna møte dersom det passar best. Skriv gjerne i påmeldinga om de har allergiar, eller anna viktig informasjon.

Vi får ein sjeldan gong spørsmål om det er mogeleg å delta på årsmøta på Teams. Røynsla vår med kombinerte møte er ikkje udelt god. Vi vil difor i utgangspunktet berre arrangere fysiske møte. Vi håpar at dei mange møta på ulike plassar gjer at dei fleste kan finne ein dag som passar.

Tidspunkt og stad for møta vert som følgjer:

  • Møte 1, hovudsakleg for kommunane i Midthordland: Måndag 11. mars 2024, kl. 10-14, på Statens hus i Bergen, Kaigaten 9. Møterom i 11. etasje (mellom busstasjonen og jernbanestasjonen). Påmeldingsfristen er gått ut.

Så er det ei tidleg påske, før vi fortsett med møta etterpå

  • Møte 2, hovudsakleg for kommunane i Nordhordland:

Onsdag 3. april 2024, kl. 10-14, på Alver Hotel. Påmeldingsfristen er gått ut.

  • Møte 3, hovudsakleg for kommunane i Hardanger/ Voss:

Tysdag 9. april 2024, kl. kl. 10-14 på Hardangerfjord hotell i Øystese. Påmeldingsfristen er gått ut.

  • Møte 4, hovudsakleg for kommunane i Sunnhordland:

Onsdag 10. april 2024, kl. 10-14, på Stord Hotell, Kjøtteinsvegen på Leirvik. Påmeldingsfristen er gått ut.

  • Møte 5, hovudsakleg for kommunane i Nordfjord:

Tysdag 14. mai 2024, kl. 10-14, på Gloppen Hotell i Sandane. Påmeldingsfrist 6. mai. Meld deg på her

  • Møte 6, hovudsakleg for kommunane i Sunnfjord og Sogn:

Onsdag 15. mai 2024, kl. 11-15, på Thon Hotel Jølster, Skei (merk tidspunkt). Påmeldingsfrist 7. mai. Meld deg på her

Programmet vil som vanleg bli litt generell info, geovekst og FDV frå meg, matrikkel frå Beate, plan/tema frå Aase, og FKB frå Kristian. Det vert óg tid til dialog og spørsmål.

Vi gler oss til å sjå dykk, og ønsker velkomen med di påmelding.

Del
XPPT