Siste oppdatering

Fylkesgeodataplan for Vestland

Fylkesgeodataplanen med tilhørande handlingsplan vart vedteken av fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke 1. november 2021. Planen gjeld for fire år og vert revidert årleg.

Noreg digitalt i Vestland fylke

Vestland fylke har krevjande terreng og røft klima. Ekstremvér kjem stadig oftare, og halvparten av alle skred i Noreg går i fylket vårt. Saman med utfordrande infrastruktur med store avstandar, lang kystlinje og mange bruer og tunnelar, set dette store krav til gode geodata. Noreg digitalt-samarbeidet i Vestland fylke jobbar for å bygge ein geografisk infrastruktur som kan støtte arealforvaltning og beredskap i regionen.

Satsingar i planperioden

Fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke vil ha følgjande satsingsområde i planperioden:

Sikre samordning mot aktivitetar i nasjonal geodatastrategi

  • Holde oss orientert om aktivitetar i geodatastrategien
  • Vere ein aktiv bidragsytar til å koma med innspel til nasjonale satsingar

Regionale satsingsområde

  • Vidareføre arbeidet med Nasjonal Detaljert Høgdemodell (NDH), til prosjektet er ferdig i 2022. Målet med prosjektet er å lage ein ny, svært detaljert høgdemodell av Noreg. Oppdaterte høgdedata er særs viktige i arbeidet med klimatilpassing, beredskap og planarbeid. NDH-data kan mellom anna brukast til å berekne flaumsoner, skredfare og stormflohøgder samt andre temadata, og til å forbetre FKB-data. Etter kvart som dei er klare blir data lagt ut på www.hoydedata.no . Dette bygger opp om tiltak 8 Nasjonal detaljert høgdemodell i handlingsplanen til nasjonal geodatastrategi.
  • Auka fokus på vatn i planperioden, som temadatasett avrenningslinjer og kvalitetsbetring av FKB-vann.
  • Syte for oppdaterte kart- og registerdata, som kan gje betre grunnlag for vurdering og planlegging av tiltak i ein naudsituasjon.
  • Fortsetje etablering og forbetring av basisdata ut frå partane sine behov ved samfinansiering av felles datagrunnlag. Dette bygger opp om tiltak 9 Vidareutvikle detaljerte grunnkart (FKB) for framtida, i handlingsplanen til nasjonal geodatastrategi.
  • Avtalefesta, forpliktande vedlikehald og periodisk ajourføring av datagrunnlaget skal gjennomførast.
  • Auke aktiviteten innan temadata med fokus på lokale DOK-data, mellom anna Tur- og friluftsruter. Dette bygg opp under tiltak 3 Heve kvaliteten på det offentlege kartgrunnlaget (DOK), i handlingsplanen til nasjonal geodatastrategi.
  • Vegadresser er komen langt i heile Vestland fylke. Ferdigstilling i resten av kommunane må prioriterast, med tanke på å sikre liv, helse og eigedom, og dertil bidra til samfunnsøkonomisk vinst.
  • Eit nytt FKB-datasett, FKB-Havn, skal etablerast i fleire hamner i fylket. Arbeidet skjer i samarbeid med Sjødivisjonen i Kartverket og dei einskilde havnevesen. Målet er ei felles standard for hamneobjekt frå mellom anna Kystverket, Forsvaret og kommunane. Via SFKB kan dataane distribuerast til partane.
  • Store områder i fjell og mindre sentrale strok har FKB-C og FKB-D data av mindre god kvalitet. Det skal difor satsast på å bruke 2. omdrev med 25 cm omløpsfoto som grunnlag for å konstruere FKB-C i områder med mindre gode data.
  • Marine grunnkart er eit svært viktig forvaltingsverktøy for kystområda våre. Der er eit ope spørsmål om ein skal satse på lokale prosjekt i planperioden eller om ein skal gå for ei nasjonal satsing som er finansiert sentralt. Ettersom Vestland er eit marint tyngdepunkt i Noreg blir det uansett viktig å følgje opp emnet gjennom Geodataplanens fireårsperiode. Dette bygger opp om tiltak 6 Etablere marine grunnkart i kystsonen.
  • Et nytt prosjekt, rydding av Trigpunkt, vart starta i 2021 med Alver kommune som pilot. Prosjektet skal vidareførast i alle kommunar i planprioden. Dette bygger opp om tiltak 16, Utnytte publikumsbasert datafangst, i handlingsplan til nasjonal geodatastrategi.

Geodataplanens oppbygging

Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet, er ikkje ein del av denne geodataplanen.

Planen har av to delar:

  1. Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dette dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Her er det ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert og kva som er dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
  2. Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.

I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan (xlsx) som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.

Kontaktperson fylkesgeodataplan

Del