Siste oppdatering

Eit viktig bidrag til beredskap

Korleis kan ein produsera plottefiler til offline bruk i beredskap? Det var oppgåva sommarhjelparane fekk med utgangspunkt i behovet for eit oversiktskart og eit adressekart for kommunane.

I sommar har Kartverket Innlandet fått verdifull hjelp frå to engasjerte og dyktige sommarhjelpar: Jostein Svaland Dale og Kristina Dale-Skjevdal.

Eit av oppdraga deira var å utvikla eit forslag til korleis me kan produsera plottefiler for adressekart til bruk i beredskap. Det er eit viktig tiltak under delmålet til geodataplanen om å skapa eit godt oversiktsbilete i beredskapssamanheng.

Fylkesgeodataplan Innlandet

To personer sitter på et kontor med PC, tastatur m.m. foran seg
VIKTIG BIDRAG: Prosjektet våre to engasjerte og dyktige sommarhjelpar - Jostein Svaland Dale og Kristina Dale-Skjevdal - har gjennoført er eit viktig bidrag til samfunnsberedskapen. Foto Ove Jørgensen | Kartverket Innlandet

Kart for beredskap – kva er målet?

Aktiviteten tok utgangspunkt i behovet for to kartprodukt som ikkje krev tilkopling til eit nettverk eller system (offline)_

  • Oversiktskart for kommunane
  • Adressekart for kommunane

Prosjektet har resultert i eit forslag til kartografi som framhevar relevant informasjon, og det er vurdert moglegheiter for å etablera ei automatisert produksjonsløype. Det er òg produsert nokre døme på plottefiler.

Frå idé til kartmal

Arbeidet omfatta fleire fasar:

  1. Avklaring og krav
    Jostein og Kristina vurderte målestokk, format, datakjelder, datainnhald og koordinatsystem. Dei identifiserte òg dei leveranseformata som eignar seg best.
  2. Val og tilrettelegging av data
    Dei fann fram til kva data som gir ønsket informasjon og la til rette desse for bruk i kartet.
  3. Utforming av kartlayout
    Det vart utarbeidd eit forslag til kartlayout som sikrar at kartet er lett å orientera seg etter.

Resultata er presenterte i ein rapport som samanfattar arbeidet.

Kritiske punkt i fokus

Karta er testa med Hamar kommune som døme. Dei viser korleis politistasjonar, brannstasjonar, sjukehus, skular, tilfluktsrom og andre viktige objekt kan presenterast på ein oversiktleg måte.

Rapporten peikar også på behovet for ein meir komplett og oppdatert database for interessepunkt, og dessutan moglegheiter for automatisering av produksjonsløypa.

Teknisk tilgang og verktøy

Jostein og Kristina brukte QGIS som verktøy for kartproduksjon og data frå fellesløysingane til Kartverket som grunnlag for karta.

Vegen vidare

Rapporten gir verdifulle innspel til korleis Kartverket kan støtta kommunane med kartprodukt for offline bruk tilpassa beredskap.

Jostein og Kristina har vist stor evne til å setja seg inn i komplekse problemstillingar og levera konkrete forslag – eit viktig bidrag til samfunnsberedskapen.

Del
XPPT