Siste oppdatering

Ny versjon av hamnedata-standard

UML-modell for hamnedata-standarden og tilhøyrande registreringsinstruks er oppdatert, og versjon 2.0 finn du på Geonorge. Dette er ein «mellomversjon» inntil formelt godkjent produktspesifikasjon er på plass.

Dette er eit ledd i arbeidet med ein felles offisiell produktspesifikasjon for hamnedata, som er eitt av delmåla i prosjektet Hamnedata 2021. Ein versjon 3.0 av hamnedata-standarden er planlagt ferdig sommaren 2022.

Mann fortøyar skip i pullert i Kristiansand hamn.
TOSPRÅKLEG: UML-modellen for hamnedata-standarden finst på både norsk og engelsk i objektregisteret på Geonorge. Foto frå Kristiansand hamn: Trygve Emil Tønnesen

Hamnedata versjon 2.0

– Erfaringar frå kartlegginga som blei gjort i fjorårets prosjekt, Hamnedata 2020, gav ei rekke innspel og tilbakemeldingar. Basert på desse er det gjort forbetringar og nødvendige tilpassingar av hamnedata-standarden, seier Matilde Skår i Kartverket.

Parallelt med arbeidet med standarden Hamnedata 2.0 er brukarbehov i hamn kartlagt, og ein rapport levert. Hovudformålet har vore å identifisere dei viktigaste brukarbehova, kartlegge kvifor desse er viktigast, og korleis vi kan handtera desse behova. Det er gjort ei vurdering for å sjå om behova er fanga opp av hamnedata-standarden eller registreringsinstruks, og behovet for å gjere ei tilpassing av standarden er vurdert.

Kartlegginga av brukarbehov vil danne grunnlag for det vidare arbeidet med hamnedata-standarden.

Nytt i hamnedata-standarden

I Hamnedata 2.0 er det er lagt til fleire nye objekttypar som:

  • Hamneanlegg
  • Slipp
  • Flytedokk
  • Tørrdokk
  • Tømmestasjon
  • Hamnegjerdeinngang

Fleire nye kodelister er lagt til i standarden, og ei rekke kodelister er blitt utvida med nye verdiar. Det er også gjort mindre endringar på attributtnivå (t.d. namneendring, nye eller fjerna attributt, endra multiplisitet eller datatype). Hamnedata-standarden er også blitt utvida til å innehalde fartsavgrensing og forbudsområde (t.d. vannscooterforbud). 

UML-modellen for standarden er tilgjengeleg både i norsk og engelsk versjon i objektregisteret på Geonorge.

Registreringsinstruks

Registreringsinstruksen er ei praktisk rettleiing for korleis datafangst skal gjerast og korleis objekttypane skal registrast. Denne instruksen er oppdatert i samsvar til den nye datamodellen. Instruksen inneheld oppdaterte registreringsbeskrivingar og fleire bilde med døme på objekttypar.

Vegen vidare

Det vil kome oppdaterte teknereglar for Hamnedata 2.0. I tillegg jobbar prosjektet med å implementere den nye UML-modellen i Sentral felles kartdatabase (SFKB) og NGIS open-api.

I tillegg til å ferdigstille ein tospråkleg produktspesifikasjon for hamnedata-standarden (basert på ISO 19131), skal ein plug-in for GIS-applikasjonen QGIS vidareutviklast og ferdigstillast. Via open source-programvaren QGIS vil hamnene sjølv enkelt kunne ajourføre og oppdatere sine hamnedata direkte til SFKB.

Fakta om prosjektet Hamnedata 2021

Ei felles prosjektsatsing mellom Kystverket, Kartverket, Miljødirektoratet og Sjøfartsdirektoratet.

Prosjektet er ei vidareføring av prosjektet Hamnedata 2020.

Målet er å gjere det enkelt å dele og oppdatere hamnedata gjennom ein felles nasjonal infrastruktur.

Tilgjengelege og kvalitetssikra data vil m.a. bidra til meir effektive hamner.

Prosjektet har tre arbeidsgrupper:

  • Produktspesifikasjon
  • Brukarkartlegging i hamn
  • Teknereglar

Les meir

Havnedata

Infrastruktur og standard for havnedata er utviklet. Et nytt system muliggjør forvaltning og ajourføring av havnedata direkte fra de enkelte havnene etter samme prinsipp som øvrige basis kartdata (FKB).

Sikre og effektive hamner

– Det er utvilsomt god samfunnsnytte i å byggje infrastruktur for hamnedata, seier kartverkssjef Johnny Welle. Prosjektet som har jobba med digitalisering av hamner er fullført og sjøsatt – og infrastruktur og standard for hamnedata er no på plass.

Sentral felles kartdatabase (SFKB)

Sentral felles kartdatabase er et forvaltningssystem, der kartdata fra kommunene blir direkte oppdatert i en sentral database hos Kartverket. Kartdatabasen gir alle brukere tilgang til ferske og kvalitetssikrede data. 

Del