Flyfoto av norsk fjellandskap, fjord og hav med en gridmodell plassert oppå. Fotomontasje.
​GRIDMODELL: Modellar som gjev skilnaden mellom ulike referansenivå på sjø og land er tilgjengeleg via Geonorge. Illustrasjonsfoto. Flyfoto frå Norge i bilder.
Siste oppdatering

Separasjonsmodellar

Kartverket tilbyr ein rekke separasjonsmodellar som gjev deg skilnaden mellom to ulike referansenivå eller høgdesystem for eit geografisk område. Desse kan ta deg frå GNSS-målingar til høgder over havet eller over sjøkartnull, eller frå djupnedata i sjøkart til høgder i NN2000.

Mange kjenner til høgdereferansemodellane (HREF-modellane) som tar GNSS-målingar over til høgder i NN2000. Tilsvarande separasjonsmodellar kan brukast for å få GNSS-målingar over til høgder over sjøkartnull. Ønskjer du å gå frå NN2000 til sjøkartnull, eller tilbake, så er det eigne modellar for dette og andre likande overgangar.

Finn data Separasjonsmodellane får du tak i på Geonorge

Dersom du ikkje er ute etter ein gridmodell, men berre treng samanhengen mellom ulike referansenivå for enkelte stadar langs kysten, kan du søke opp staden i tenesta Se havnivå.

Bruksområde

Eit viktig bruksområde er omrekning av GNSS-målingar, frå GPS eller liknande, til høgder vi brukar til dagleg – slik som høgder i NN2000 eller djupner i forhold til sjøkartnull. I posisjonering, kartlegging, datainnsamling og mange sanntidssystem er dette mykje brukt.

Andre separasjonsmodellar tek data som alt er til sjøkartnull over i NN2000 eller eit anna referansenivå. Dette kan vere terrengdata, men også andre typar datasett eller objekt det er knytt høgder eller djupner til. For samanstilling av ulike datasett eller ved gjenbruk av data til andre formål, vil ein ofte ha behov for transformere data frå eit høgdesystem til eit anna.

Separasjonsmodellane dekker heile kysten av fastlands-Noreg og er difor godt eigna til å transformere data for eit større geografisk område.

Ved bruk av transformasjonar er det viktig å sørge for at ein går riktig veg og at forteiknet blir riktig.

Merk spesielt at terrengdata for sjøbotnen (batymetriske data) tradisjonelt er gjeve som positive djupner relatert til sjøkartnull. I så fall bør ein først skifte forteikn til negative verdiar (høgder) før ein transformerer til eit anna høgdesystem.

Produkteigenskapar

Modellane som kan brukast saman med GNSS-utstyr er dei som har namn på forma «Høgdesystem over ellipsoiden».

Alle separasjonsmodellane har fått namn på forma «Høgdesystem A over Høgdesystem B». Det betyr at modellen viser kor mykje nullnivået for høgdesystem A ligg over nullnivået for høgdesystem B.

Dersom du har data i høgdesystem A som skal over til B, legg du til verdiane modellen har i dei aktuelle posisjonane. Skal du motsett veg, frå høgdesystem B til A, må du trekke frå verdiane modellen gjev.

Eit eksempel er modellen «NN2000 over sjøkartnull» som viser kor mykje høgare nullnivået for høgder (NN2000) ligg samanlikna med nullnivået for sjøkart. Sidan sjøkartnull ligg lågare enn nullnivået for NN2000 i heile landet, inneheld denne modellen berre positive verdiar. Kor mykje lågare sjøkartnull ligg, varierer langs kysten.

For å transformere høgder i NN2000 til høgder over sjøkartnull, må ein legge til verdiane frå separasjonsmodellen. For å transformere høgder gjeve til sjøkartnull til høgder i NN2000, må ein trekke frå modellverdiane.

Eit eksempel på modell som både har positive og negative verdiar er «Middelvann over NN2000»:

Det gjeldande middelvatnet, Middelvann (1996-2014), ligg mange stadar litt lågare enn nullnivået for NN2000, men nokre stadar er det høgare. Det er likevel slik at dersom ein har data gjeve til Middelvann (1996-2014) så skal ein legge til modellverdiane for å få ut høgder i NN2000, og ein trekker i frå modellverdiane dersom ein har høgder i NN2000 ein vil gjere om til høgder over gjeldande middelvatn.

Separasjonsmodellane kombinerer i dag NN2000, sjøkartnull, ellipsoiden, Middelvann og LAT. Etter kvart vil det kome modellar som også knyt middel høgvatn til desse nivåa.

Format

Alle separasjonsmodellane er tilgjengeleg som GeoTIFF og som BIN-filer. GeoTIFF kan opnast i GIS-verktøy som QGis. Bin-filer er det same binære filformatet som er brukt for høgdereferansemodellane for NN2000 og NN1954. Programvare som kan lese desse modellane skal også kunne handtere dei andre separasjonsmodellane.

Har du ikkje slik programvare kan dette eksempelet på Python-kode som les inn bin-filer vere til hjelp.

Brukarhistorie Effektiviserar eigen sjømåling

Separasjonsmodellen «Sjøkartnull over ellipsoiden» gjer det mogeleg for Kartverket og andre sjømålingsfirma å gå over til ellipsoidisk referert sjømåling. Då brukar ein GNSS til å bestemme ellipsoidiske høgder for sjøbotnen, og så separasjonsmodellen for å transformerer desse til djupner i forhold til sjøkartnull. Ein er ikkje lenger avhengig av samtidig måling av vasstand.

Del