Siste oppdatering

Kartverket har fått låne klenodium etter den fyrste sjefen vår

Under ei markering fredag 5. november fekk Kartverket overrekt ein del familieklenodium tilhøyrande etterkomarar etter NGOs/Kartverkets stiftar Heinrich Wilhelm von Huth.

" width=
UNDERTEGNET: Torben von Huth (til høyre) er tipptipptippoldebarnet til Heinrich Wilhelm von Huth, som var Kartverket sin fyrste sjef og stiftar. No skal Kartverket oppbevare fleire klenodium frå familien, og von Huth og kartverkssjef Johnny Welle skreiv ein avtale om at gjenstandane skal takast godt hand om.

Von Huth etablerte Kartverket i 1773 og er dermed Kartverkets fyrste sjef. Etterkomarane hans ynsker at klenodia skal oppbevarast samla, trygt og samstundes vere tilgjengelege. Difor synes dei at Kartmuseet er ein utmerkt plass, samstundes som dei kjem «heim» til etaten der von Huth var den fyrste sjefen.

Flotte klenodium

Under markeringa var representantar for familien, Kartverket og Norsk kartmuseums venneforening (NKMV) til stades.

NKMVs leiar Karsten Lien opna det heile med å fortelje litt om bakgrunnen for at NGO/Kartveket blei skipa i 1773.

Torben von Huth overtok deretter og fortalde fyrst ein del om familien, frå tipptipptippoldefaren Heinrich Wilhelm von Huth til han sjølv, altså gjennom sju generasjonar. Han viste også fram klenodia, som m.a. består av to pergament/brev frå kong Christian VII. I tillegg er det to gullringar, eit lakkstempel, ein gullmedaljong, eit bilete og ein avstøyping i gips av familievåpenet. Torben von Huth er saman med broren Palle og søstera Malena eigarane av klenodia.

Stilt ut i Kartmuseet

Kartverksjef Johnny Welle overtok så ordet og fortalde litt om von Huth og den innsatsen han gjorde for å skipa etaten vår, samt for å bidra til at Norge/Danmark unngjekk å koma i krig med Sverige. Han retta ein stor takk til familien von Huth for at dei vil overlate familieklenodia i varetekta vår. Etter dette blei avtalen mellom familien og Kartverket underteikna, og deltakarane kunne ta klenodia nærare i augesyn.

Kartmuseet er ope med omvising for publikum etter avtale. Les meir her for å bestille omvising.

" width=
HEINRICH VON HUTH:  Portrettet av Heinrich Wilhelm von Huth var eit av klenodia som Kartverket no skal få lov til å stille ut i Kartmuseeet.

 

Del
XPPT