Siste oppdatering

Teknologi i Marine grunnkart i kystsona

Vi testar ut ny teknologi for datainnsamling. Dette inkluderer ubemanna fartøy i lufta og på sjøen, ulike sensorar som Lidar, ekkolodd og hyperspektralt kamera. Vi delte erfaringar vi har gjort så langt på eit webinar i mars. Sjå opptak av webinaret.

Målet med teknologitestane er å etablere ein metodikk som kan effektivisere kartleggingsarbeidet i grunne sjøområde. 

Webinaret blei arrangert 16. mars i regi av Kartverket, Havforskingsinstituttet og Noregs geologiske undersøking.

Opptak av webinar 16. mars 2022

Program:

  • Innleiing om djupnekartlegging og utførte aktiviteter ved Helge Welde frå Kartverket
  • Korleis kan teknologiane vi har testa brukast til biologisk kartlegging? ved Jonas Thormar, Havforskinginstituttet
  • Bruk av AUV* i Mareano-programmet. Korleis kan same teknologi brukast i Marine grunnkart i kystsona? Ved Terje Thorsnes, Noregs geologiske undersøking
  • Ubemanna plattformar for kartlegging:
    • Dronar med laser (Lidar) og pilotar som styrer dronar i heile verda ved José Luis Gil Yepes frå Nordic Unmanned
    • SyriUS (satellitt-data + USV) og bruk av USV** på veldig grunt vatn ved Stephanie Kemna frå Maritime Robotics
    • Ubemanna/fjernstyrte USV-konsept ved Tomas Frafjord frå Xocean
  • Spørsmål

* AUV (autonomous underwater vehicle) - ubemanna undervassfartøy
**
USV (unmanned surface vehicle) - ubemanna overflatefartøy

pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona kartleggjast tre pilotområde: Stavanger, Giske/Ålesund og Skjervøy/Kvænangen. Målet er å etablere eit nasjonalt program for kartlegging av heile kysten.

Fakta Marine grunnkart i kystsona

Pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona er eit samarbeid mellom Kartverket, Havforskingsinstituttet og NGU.

Prosjektet har ei total kostnadsramme på til saman 84,6 millionar kroner over tre år, fra 2020–2022.

Produkt som blir laga frå pilotområda:

  • Djupnedata og terrengmodellar
  • Botnreflektivitet/ data som skildrar hardheita til havbotn (backscatter)
  • Geologiske kart som sedimentkart og landskapskart
  • Kart over botnfelling, gravbarheit, ankringsforhold
  • Kart over kjemisk miljøtilstand (forureining av tungmetall og organiske miljøgifter)
  • Naturtypar i samsvar med naturtypar i Norge
  • Sårbare og verdifulle habitat
  • Modellar av straum, bølgjer, saltholdigheit og temperatur

Kontakt

Del
XPPT