Siste oppdatering

Dokumentavgift ved arv

Mange arvingar slepp å betale dokumentavgift når dei mottek fast eigedom i eit arveoppgjør, men ikkje alle. Her kan du lese om reglane som gjeld for arvingar i ulike situasjonar.

Privat eller offentleg skifte

Fordeling av arv kan skje ved eit privat eller eit offentleg skifte etter at ein person er død. Forskot på arv er rekna som ei gåve etter dokumentavgiftsreglane. Du kan derfor ikkje krevje avgiftsfritak for arv dersom du mottek fast eigedom frå nokon som lever.

Dokumentavgiftsreglane er dei same ved privat og offentleg skifte, men dokumenta som blir sende til tinglysing er forskjellige. Ved privat skifte, skal arvingane fylle ut eit skjema som heiter "Hjemmelserklæring om arv, skifte og uskifte", og leggje ved skifteattesten og eventuelle andre vedlegg. Ved offentleg skifte, fyller bustyraren ut eit skøyte direkte til den som skal ha eigedomen, og legg ved bustyrarattesten som dokumentasjon.

Arv etter lova - fritak

Dei som har krav på arv etter dei alminnelege reglane i arvelova, får heilt eller delvis fritak for dokumentavgift. Fritaket gjeld berre den ideelle delen som arvingen har krav på, uavhengig av kven som skal bli sitjande med heile eigedomen etter skiftet. Fritaksregelen står i Stortingets vedtak om dokumentavgift § 2 f).

Les meir om kven som er arvingar, og kor store arvepartar dei har krav på etter lova.

Ved privat skifte skal heimelserklæringa som hovudregel bli fylt ut med alle namna til dei som står på skifteattesten, med den brøken som kvar enkelt har krav på etter reglane i arvelova. Ei slik heimelserklæring kan tinglysast utan at det blir utrekna dokumentavgift. Unntaket er dersom ein eller fleire av arvingane er testamentsarvingar, må testamentsarvingen betala dokumentavgift, dersom eigedomen ikkje skal videreselgast i samme innsending.

Dersom arvingane blir einige om at ein bestemt person skal overta heile eigedomen, må dei fylle ut eit skøyte i tillegg. Tinglysing av skøytet utløyser dokumentavgift etter vanlege reglar. 

Les meir om korleis du tinglyser eigarskifte ved dødsfall.

Ektefellar - fritak

Fast eigedom som blir overførd mellom ektefellar er friteke for dokumentavgift. Dette gjeld også ved eigedomsoverføring som følgje av dødsfall. Regelen står i dokumentavgiftslova § 8.

Ektefellen treng med andre ord ikkje å vere arving til heile eigedomen for å få fritak, men får fritak i eigenskap av å vere ektefelle. Dette betyr at ein attlevande ektefelle som blir einig med dei andre arvingane om å overta huset eller hytta, ikkje treng å betale dokumentavgift ved tinglysing av skøyte frå medarvingane. Hugs å skive fritaksgrunnen og lovheimelen i punkt 3 i skøytet.

Sambuarar - fritak for felles bustad

Dersom ein sambuar døyr, kan deira felles bustad overførast til den attlevande sambuaren utan dokumentavgift. Det er eit krav at paret hadde felles folkeregistrert adresse på tidspunktet for dødsfallet. Regelen står i dokumentavgiftslova § 8, og du kan krevje fritaket både ved overtaking i samband med skifte og uskifte. Heimelserklæring og skøyte bør sendast til tinglysing samtidig. Hugs å skrive fritaksgrunnen og lovheimelen på dokumentet.

Les meir om dokumentavgift ved samlivsbrot.

Andre eigedomar som ikkje var felles bustad, for eksempel ei hytte, kan ikkje overførast til den attlevande sambuaren utan dokumentavgift. Dette gjeld sjølv om sambuaren har krav på arv etter arvelova § 28 b. Grunnen til dette er at arveretten til sambuaren er sett til ein bestemt kronesum, noko som ikkje blir rekna å utgjere ein "ideell arveandel" etter Stortingets vedtak om dokumentavgift § 2 f). Dersom ein attlevande sambuar blir einig med dei andre arvingane om å overta hytta, må dei fylle ut eit skøyte og betale full dokumentavgift.

Ofte stilte spørsmål

Del