Siste oppdatering

Dokumentavgift ved overføring av fast eigedom

Hovudregelen er at alle må betale dokumentavgift ved tinglysing av dokument som overfører fast eigedom. Avgifta er på 2,5 prosent av eigedomen sin verdi på tinglysingstidspunktet.

Kven må betale dokumentavgift?

Dokumentavgifta blir utløyst ved tinglysing av eit dokument som overfører grunnboksheimel til fast eigedom. Det speler med andre ord inga rolle kven som er den reelle eigaren av eigedomen, ettersom det er tinglysinga av den formelle grunnboksheimelen som utløyser avgiftsplikta. Dette følgjer av tinglysingslova § 15.

Dokumentavgifta blir i hovudsak utløyst ved tinglysing av skøyte, men også ved tinglysing av andre typar dokument som overfører grunnboksheimel.

Plikta til å betale dokumentavgift gjeld i utgangspunktet for alle typar overføringar, til dømes ved sal, gåve og forskot på arv. Enkelte overføringar er likevel fritekne for avgiftsplikta.

Kva sum skal setjast som avgiftsgrunnlag?

Dokumentavgifta blir rekna av salsverdien til eigedomen når dokumentet vert tinglyst, medrekna verdien av bygningar og faste anlegg. Salsverdien er den summen som seljaren vil kunne få for eigedomen på den opne marknaden i dag, utan noka form for interessefellesskap med kjøparen. Dette blir kalla marknadsverdien.

Dersom du betaler mindre i kjøpesum, fordi du overtek gjeld som ein del av betalinga, skal du likevel betale dokumentavgift av den fulle marknadsverdien. Det same gjeld viss du i samband med kjøpet overtek ein part av fellesgjelda. Om du får eigedomen som gåve, må du også betale dokumentavgift av den fulle marknadsverdien.

Overføre del av eigedom

Dersom det berre er ein del av eigedomen som blir overført, blir avgiftsgrunnlaget tilsvarande redusert. I tilfella der kun ein del av eigedomen vert overført er det viktig at du kun skriv verdien av delen som vert overført.

Til dømes: Dersom berre halvparten av eigedomen blir overført, skal halvparten av den totale salsverdien til eigedomen førast som avgiftsgrunnlag.

Kven slepp å betale dokumentavgift?

I enkelte tilfeller kan du ha rett på fritak for dokumentavgift. I artikkelen "Fritak for dokumentavgift" kan du lesa meir om dei ulike fritaksgrunnane.

Betaling og klage

Faktura for dokumentavgift og tinglysingsgebyr blir send ut same dag som det ferdig tinglyste dokumentet. Betalingsfristen er 14 dagar. Vi kan ikkje endre forfallsdatoen på fakturaer eller gi betalingsutsetjing.

Dersom du meiner at dokumentavgifta er blitt fastsett på feil grunnlag kan du sende ei skriftleg klage til Kartverket. Du må likevel betale fakturaen innan forfallsdatoen.

Dersom nye opplysningar viser at avgifta er fastsett av feil grunnlag eller med feil sum, skal vi sørgje for etter- eller tilbakebetaling, jf. forskrift om dokumentavgift § 2-5. Dersom vi ikkje finn grunn til å endre vedtaket vårt, blir klaga send til Skattedirektoratet som klageinstans i dokumentavgiftsspørsmål.

For meir informasjon om fremgangsmåte ved klagesaker, og kor dokumenta skal sendast, kan du lese artikkelen vår om klage

Ofte stilte spørsmål

Del