Siste oppdatering

Nye borettslagsandeler

Både nye burettslag og nye andelar i eksisterande burettslag skal registrerast i grunnboka. Det er styret i burettslaget som må sjå til at andelene vert registrerte hos Kartverket.

Fyll ut skjema for registrering av andelar i burettslag

Skjemaet har to delar. Del 1 skal du fylle ut med informasjon om burettslaget. Deretter skal du fylle ut del 2 for kvar enkelt nye andel i burettslaget. Du må opplyse om adresse til bustaden og kven som er heimelshavar til andelen.

Nye andelar i eksisterande burettslag

Plikta til å registrere andelane gjeld også eksisterande burettslag som utvider antalet andelar i laget. Du bruker det same skjemaet som for registrering av nye burettslag.

Plikt til å registrere nye burettslag

Grunnboksregistrering av burettslagsandelar starta 1. juli 2006. Frå dette tidspunktet vart det innført plikt for alle burettslag til å registrere andelane i grunnboka. Dette følgjer av burettslagslova § 6-1.

Det er styret i burettslaget som skal signere skjemaet.

Adresse: Send dokumentene til:

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Skjemaer

Del