Siste oppdatering

Deling av burettslagsandelar

Burettslaget kan tinglyse deling av ein burettslagsandel. Styret og heimelshavaren skal signere på delingsdokumentet. Den nye andelen skal ha ei unik adresse.

Styret i burettslaget bestemmer om ein burettslagsandel kan delast. Den frådelte burettslagsandelen får eit eige grunnboksblad. Kartverket har ikkje standardiserte skjema for tinglysing av ei slik deling. Innsendaren må difor lage eit eige dokument som skildrar delinga.

Melding om deling

Brevet eller dokumentet som styret sender til tinglysing må innehalde:

  • Identifisering av burettslaget og andelen som skal delast - burettslaget sitt namn, organisasjonsnummer og andelsnummer.
  • Identifisering av heimelshavarar til andelen, namn og fødselsnummer (11 siffer).
  • Ei kort forklaring på at det gjeld deling, og informasjon av kva andelsnummer den nye andelen skal få.
  • Adressa til den nye andelen, vegnamn, husnummer med eventuell bokstav og brukseiningsnummer. 
  • Signatur frå heile styret i burettslaget eller dei som har signaturrett i laget. Namna skal også stå med blokkbokstavar.
  • Signatur frå heimelshavarane. Namna skal også stå med blokkbokstavar.

Adresse for den nye burettslagsandelen

Ein burettslagsandel skal gi eigaren rett til å bruke ein bustad i burettslaget. Kartverket krev at kommunen har oppretta ei adresse for bustaden til den nye burettslagsandelen. Dersom de sender inn delinga til tinglysing utan at adressa er registrert, kan me ikkje godta dokumentet. Sjølv om den nye bustaden skal ha same husnummer og bokstav som den gamle, vil kommunen opprette eit nytt brukseiningsnummer.

Adresse: Send dokumentene til:

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Del