Siste oppdatering

Tilgang til gratis eigedomsdata

Eigedomsdata frå matrikkelen og grunnboka er gratis, men tilgang blir berre gitt til verksemder og offentlege organ, og ein må søkje om det. Her er informasjon om korleis du går fram og kva du får tilgang til.

Det er "Forskrift om utlevering, viderebruk og annen behandling av opplysninger fra grunnboken og matrikkelen" som regulerer kven som kan få tilgang og kva slags data ein kan få. Kartverket må i kvart enkelt tilfelle vurdere om det er heimel i forskrifta før vi kan gi tilgang til eigedomsdata. Alle verksemder som ønskjer tilgang, må difor søkje Kartverket om dette.

I første omgang ber vi om at de kontaktar oss på telefon 32 11 80 00 eller e-post post@kartverket.no for meir informasjon.

Merk at ei verksemd som får tilgang til matrikkelen og grunnboka, sjølv er ansvarleg for å behandle dataa i samsvar med gjeldande regelverk. Det er difor viktig å setje seg godt inn i regelverket og i rettleiar til utleveringsforskrifta.

Verksemder som inngår avtale om elektronisk tilgang til eigedomsdata, må programmere seg opp mot eit av Kartverkets API for å hente ut data. Det er nødvendig å ha kunnskap om programmering og om regelverket for behandling av data før ein kan ta i bruk API-a.

Følgjande alternativ for elektronisk tilgang til eigedomsdata er tilgjengeleg:

Endringslogg/ massivuttrekk

Massivuttrekk frå matrikkeldatabasen og grunnbokdatabasen og løpande oppdateringar av desse. For kvar av databasane gjer Kartverket tilgjengeleg eit endringslogg-API som er eigna til å oppdatere ein lokal kopi. Ei slik oppdatering kan skje i tilnærma sanntid dersom verksemda ønskjer det. Alle matrikkel- og grunnbokrelevante data blir gjort tilgjengeleg utan restriksjonar for lagring utover det som følgjer av lov og forskrift og vilkåra i avtalen som er inngått.

Her er dokumentasjon for matrikkel-API-et.

Her er dokumentasjon grunnbok-API-et.

Tenester for direkteoppslag i matrikkelen

Matrikkel-API-et har tenester basert på SOAP og gir tilgang til matrikkeldata både i små og store mengder. Det er tenester både for å søkje opp data basert på logiske inndata, som adressenamn, husnummer og bokstav for ei adresse, men også for å søkje opp data basert på numeriske id-ar. I tillegg er det rapport-teneste (pdf, xlm, sos), WFS og WMS. Det er inga øvre grense for kor mange oppslag som kan gjerast mot tenestene.

Dokumentasjon for direkteoppslag i matrikkel-API-et.

Tenester for direkteoppslag i grunnboka

Teneste-API-et for grunnboka inneheld tenester som har innebygd struktur om korleis data skal samanstillast ved utskrifter som er ei førehandsspesifisert samanstilling av data.

Her er dokumentasjon teneste-API for grunnbok.

Informasjonen blir gitt i ulike format som xml, pdf, tekst, og har ein høgare grad av bearbeiding samanlikna med endringslogg-API-et som er omtalt ovanfor. Det er inga øvre grense for kor mange oppslag som kan gjerast mot tenestene.

Les meir

Hva er grunnboken?

Grunnboken er et offentlig register over tinglyste rettigheter og heftelser i fast eiendom og borettslagsandeler.

Del