Siste oppdatering

Vil finne fleire gode døme på bruk av geodata

Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og distriktsdepartementet vil vise kva nytte samfunnet har av geografisk informasjon. For tredje år på rad er verksemder, etatar og organisasjonar oppmoda til å sende inn nyskapande døme på bruk av geodata.

Fakta Geodata og nasjonalt geodataråd

Geodata er data med direkte eller indirekte referanse til ein bestemt stad. Det kan vere adresser, grenser, stadnamn, høgder og terreng. Norske geodata finn du på Geonorge.

Geografisk informasjon er avgjerande for å løyse samfunnsutfordringar som klimatilpassing, berekraftig utvikling og beredskap. Oppdaterte geodata er naudsynt for verdiskaping i næringslivet og effektiviseringa av offentleg sektor. Regjeringa sin geodatastrategi har som mål at Noreg skal vere leiande i bruk av geodata.

Nasjonalt geodataråd er satt ned av regjeringa, og skal sikre godt samarbeid mellom alle som forvaltar og brukar geografisk informasjon.

- I Noreg er vi komne langt med å ta i bruk geografiske data på nye måtar. Vi dreg nytte av det potensialet som ligg i slike data, og det ønsker vi å halde fram med. Da treng vi gode døme som inspirasjon, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Tidlegare i år inviterte Geodatarådet verksemder, organisasjonar, etatar og andre som har utvikla løysingar basert på geografisk informasjon, til å bli med i ein konkurranse. Bidrag til konkurransen kan være ein app, ei god publikumsløysing, eit fagsystem eller ulike sakshandsamingsverktøy.

- Målet er å få fleire aktørar til å ta i bruk geografisk informasjon i løysingar og tenester som gir berekraftig utvikling og auka innovasjon, seier Gjelsvik.

Vektlegg nytteverdi, fleirbruk og berekraft

Fristen for å delta i konkurransen var 7. oktober 2022. No er juryen i gang med å sjå på bidraga.

I vurderinga blir det lagt vekt på nyskapande løysingar, høg nytteverdi og utsiktar til gevinstar, gjenbruk og berekraft. Døma må enten vere ferdig utvikla eller ha fått vesentleg ny funksjonalitet det siste året. Forslagstillar må dokumentere dette. Vinnarane vil, i tillegg til diplom, heider og ære, få ein premie på 30 000 kroner.

Det blir delt ut diplom i tre kategoriar:

  • Kommersiell teneste eller produkt
  • Tiltak i offentleg sektor som gir betre og meir effektive prosessar
  • Løysing som kombinerer data til ny kunnskap

Forslaga vil bli vurdert etter desse kriteria:

  • Innovativ bruk av geodata – nyskapande
  • Fører til verdiskaping eller nytte for brukarane
  • Moglegheit for gjenbruk hos andre eller i andre løysningar
  • Løysingar eller aktivitet har kopling til FN sine berekraftsmål

Frist for å melde seg på konkurransen var 7. oktober 2022, og vinnarane blir kåra i november. Innsendte døme blir vurdert av eit utval av medlemmane i Nasjonalt geodataråd.

Kontaktinformasjon

Del
XPPT