Gode døme på bruk av geodata

Vi ønskjer med denne sida å vise fram nytteverdien av geodata og systema kring dei. Døma er send inn til Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har heidra dei beste med diplom.

Beste døme 2020

Beste kommersielle produkt

Augment City frå Offshore Simulator Centre AS lagar 3D-tvilling, ein digital kopi, av tettstader, byar og fylke.

Kombinerer data til ny kunnskap

«Rydde» og «Rent hav» frå Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) og Hold Norge Rent bidrar til mindre plastforureining, betre miljø og meir kunnskap.

Sjå geodata i bruk

Fakta I Nasjonalt geodataråd

Nasjonalt geodataråd er oppnemnd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det bidrar til samarbeid om og bruk av geodata, og gir råd om oppfølging av nasjonale strategiar for felles geografisk infrastruktur. Kartverket er nasjonal geodatakoordinator og sekretariat for rådet.

Sjå geodatarådets mandat og samansetjing (Geonorge).

 

Fakta II Diplom for gode døme

37 bidrag kom inn då vi oppfordra til å sende inn døme på nye produkt, tenester og løysingar basert på bruk av geografisk informasjon og den geografiske infrastrukturen. Vinnarane er presentert ovanfor. Eit utval andre gode døme er presentert nedanfor.

Sjå pressemelding om utdeling av diplom.

Fakta III Geodata og Geonorge

Geonorge er den nasjonale nettsida for geodata, kartdata og annan stadfesta informasjon i Noreg. Her kan du søkje etter og få tilgang til det som er tilgjengeleg av slik informasjon.

Gå til Geonorge.

Fleire gode døme

Kystdatahuset

Kystdatahuset er ei løysing for deling av offentlege data om skipsrørsler og aktivitet på sjøen. Kystverket.

Befaring for digitale møte

Tenesta presentere saksliste og illustrerer enkeltsaker ved hjelp av 3D-modellar og kart. Larvik kommune.

Adaptive Veg

Asplan Viak har utvikla ei teneste for å forenkle og effektivisere vegvedlikehald og vegforvaltning, spesielt i norske kommunar.

Digitaliserer hamnedata

Grieg Connect har utvikla ei løysing for digitalisering av hamnedata saman med Oslo, Bodø og Tromsø hamn. Eit digitalt kart for kommunikasjon og visualisering av data i hamna er ein del av løysinga (lenke til presentasjon på oslohavn.no).

Kartlegging av naturtypar

Ein ny metode som gjer det mogleg å kartlegge store område automatisk ved å bruke fjernmåling og kunstig intelligens. Blom Norway. Lenke til presentasjon (pdf).

Del