Sjå oversikta over fylke og kommunar

Kommune- og fylkesendringar

Den 1. januar 2018 vart Hof og Holmestrand slått saman l Holmestrand kommune, Nøtterøy og Tjøme til Færder, Larvik og Lardal til Larvik kommune og Rissa og Leksvik til Indre Fosen kommune.Fylka Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag vart slått saman til Trøndelag fylke. Dermed blei det 422 kommunar og 18 fylke i Noreg.

Eitt år tidlegare vart dei tre kommunane Stokke, Andebu og Sandefjord til éin kommune med namnet Sandefjord.

Kommunegrensene kan også bli endra på andre måter enn ved at kommunar slår seg saman. Andre typar grenseendringar kan vere forårsaka av endra vegstruktur, større utbyggingar i grenseområde eller jordskiftesaker. Inndelingslova regulerer endringar på administrative grenser.

Kor går grensa?

Kommune- og fylkesgrenser skal som ein hovudregel fylgje eigedomsgrensene. Vår kjelde til dei administrative grensene er difor det nasjonale eigedomsregisteret, matrikkelen. Dersom ei eigedomsgrense også er ei kommune- eller fylkesgrense, vil særskilde lover eller prinsipp gjelde.

Kartverket har det mest samla grensearkivet med endringar og fastsetjingar av administrative grenser. For nokre jordskiftesakar kan arkivet vere ei kjelde til grensedokumentasjon.

Historiske grenser

Kanskje høyrte din eigedom til ein annan kommune før i tida? Med litt leiting kan ein finne administrative grenser på nokre av dei historiske karta. Historiske oversynskart over alle kommunane i Noreg kan nyttast for å sjå større endringar over tid.

Les om den historisk utviklinga av kommunestrukturen på nettsidene til regjeringa.

Statistisk sentralbyrå har utarbeidd ei historisk oversikt over endringar i kommune- og fylkesinndelinga (pdf).

Sjå kommunegrensene i kart

Kartverket forvaltar og formidlar data med kommune- og fylkesgrenser. Du kan sjå dei på norgeskart.no, eller laste ned illustrasjonskart. Er du meir interessert i detaljane på eigedomsgrensenivå, kan Se eiendom nyttast.

Har du gode GIS- og it-kunnskapar, kan du sjølv laste ned og nytte SOSI-filer med administrative einingar i eigne løysingar og kart. Eller du kan nytta WMS-tenesta for administrative einingar til å syne grensene i lag med eigne data.