Produsentar som vil vise sjøkartdata frå Kartverket i sine løysningar må inngå ein avtale med Kartverket. Avtalen stiller krav til produsent/distributør av kartløysingar om at dei forpliktar seg til å laste ned oppdaterte sjøkartdata minimum éin gong i månaden frå Kartverket. Samstundes skal også sluttbrukarane få moglegheit til å laste ned oppdaterte elektroniske sjøkart-data via produsenten si eiga oppdateringsordning, gratis eller mot betaling.

Elektroniske sjøkart-data til kartplottarar

Tabellen visar distributørar av elektroniske sjøkart som nyttar sjøkartdata frå Kartverket.

Distributørar av elektroniske sjøkart til kartplottarar
Distributør Sjøkartdata frå Kartverket oppdaterast
BIST - www.gpsnauticalcharts.com 1 gong i månaden
C-MAP - www.c-map.com 1 gong i månaden
Chartworld - www.chartworld.com Ukjent
East View Geospatial - http://nautical.eastview.com 1 gong i månaden
Euronav - www.euronav.com 1 gong i månaden
Garmin - www.garmin.com 2 gongar i året
Geogarage - www.justmagic.com Ukjent
ISEA - www.letsembark.io 2 gongar i månaden
Nautisk - www.nautisk.com 2 gongar i månaden
Navionics - www.navionics.com 2 gongar i månaden
Norcom Technology - www.norcom-technology.co.uk kvar 3. månad
Ocean Wise - www.oceanwise.eu Ukjent
SeaPilot AB - www.seapilot.se 1 gong i månaden
Transas Marine Ltd - www.transas.com 2 gongar i månaden

Distributørane som lastar ned oppdateringar to gonger i månaden kan skilte med eit ekstra «stempel» i sin marknadsføring som seier at «Kartinnholdet er oppdatert i henhold til Kartverkets standard». Dette betyr at kartinnhaldet er på nivå med dei offisielle norske sjøkarta (POD) som oppdaterast med rettingar frå Etterretninger for sjøfarende (Efs) kvar fjortande dag.

Gratis programvare

Oppdaterte norske elektroniske sjøkartdata er også tilgjengelig for det åpne kartplotterprogrammet OpenCPN. Distributør Renate Rosner Consult S.L. (RRC) representerer OpenCPN. Kartverkets sjøkartdata oppdateres to ganger i måneden og kan lastes ned via OpenCPN sin kartkatalog og nettbutikk O-charts.

Båtsportkart

Tabellen visar distributørar av norske båtsportkart som nyttar sjøkartdata frå Kartverket.

Distributørar av norske båtsportkart
Distributør Sjøkartdata frå Kartverket oppdaterast
Nordeca AS -  www.nordeca.com Årleg
NV-Verlag - www.nv-verlag.de Årleg

ENC vs. kartplottar

Produsentar av elektroniske sjøkart til kartplottarar kan få tilgang til kartdata frå Kartverket som dei nyttar i sin programvare. Desse kartløysingane er ikkje offisielle og regnast ikkje som autoriserte sjøkart. Det er altså forskjell på offisielle elektroniske sjøkart (ENC) til bruk i eit ECDIS (Electronic Chart Display and Information System), som er regulert av internasjonale standardar, og elektroniske sjøkart som brukast i kartplottarar.

Les meir om ENC på kartverket.no og www.primar.org.