Mann i seilbåt peker på sjøkart i sin kartplotter. Foto: Adobestock
SJØSIKKERHEIT: Oppdaterte sjøkart er eit viktig bidrag til auka sjøsikkerheit. Illustrasjonsfoto: Adobestock.
Siste oppdatering

Sjøkart til kartplottarar

Elektroniske sjøkart til kartplottarar, basert på sjøkartdata frå Kartverket, blir tilbydd av fleire distributørar. Sjå oversikt over kven distributørane er.

Desse distributørane av elektroniske sjøkart til kartplottarar, bruker sjøkartdata frå Kartverket:

Oppdatering

Viss distributørane lastar ned oppdateringar to gonger i månaden kan kartinnhaldet i kartplottarten vere på nivå med offisielle norske papirsjøkart (POD-kart), som oppdaterast med rettingar frå Etterretninger for sjøfarende (Efs) kvar fjortande dag.

ENC vs. kartplottar

Produsentar av elektroniske sjøkart til kartplottarar kan få tilgang til kartdata frå Kartverket som dei nyttar i sin programvare. Desse kartløysingane er ikkje offisielle og er ikkje rekna som autoriserte sjøkart.

Det er altså forskjell på offisielle elektroniske sjøkart (ENC) til bruk i eit ECDIS (Electronic Chart Display and Information System), som er regulert av internasjonale standardar, og elektroniske sjøkart som brukast i kartplottarar.

Norske ENC-ar blir distribuert gjennom Primar. Produsentar som vil vise sjøkartdata frå Kartverket i sine løysningar, må inngå ein avtale med Kartverket via Primar.

Del
XPPT