Siste oppdatering

Sjøkartkonferansen 2023

Rundt 80 deltakarar var med på Sjøkartkonferansen 31. oktober. I år var tema status og framgang for standardar i S-100-serien, siste nytt om hamnedata, vasstandsdata til navigasjon og beredskap m.m.

Kartverkssjef Johnny Welle tok oss med på ei reise i Kartverket si historie og sjøkart-sjef Birte Borrevik gjorde oss merksame på kva ein må tenkja på dei neste 250 åra. Eller kanskje ikkje i 250 år, men i framtidas geodataproduksjon.

S-100

Direktørane Gudmund Jønsson og John Kåre Klippen gjorde sitt ytste for opplysa oss om S-100 arbeidet og dei ulike S-100 standardane og korleis ein jobbar med dette i Kartverket.

Matilde Skjæveland Skår viste arbeidet med etablering av digital hamn og kordan hamnedata blir gjort tilgjengeleg for bruk. Ho presenterte også den internasjonale standarden for hamnedata S-131 Marine Harbour Information.

Vasstand

Av Mari Halvorsen fekk me læra om meteotsunami, som er ei tsunami-liknande havbølgje av meteorologisk opphav og rask endring av vasstanden. Ho viste også fleire videoar frå det som kan ha vore meteotsunami fleire stadar sommaren 2022.

Oda Ravndal kunne fortelje om vasstandsdata til beredskap og navigasjon og ho hadde ein historisk nyheit om at me no kan gi folk informasjon om tidvatn, observert og forventa vasstand på Jærkysten. Dette området har me ikkje hatt data for før.

ITS Noreg, NMBU og Sjøforsvaret

Ørnulf Jan Rødseth frå ITS Noreg gjekk gjennom integrasjon av nautiske og operasjonelle data i maritime digitale korridorar, noko som er krevjande med tanke på alle dei ulike aktørane og standardar.

På slutten av dagen viste student Anne Pernille Stokke frå NMBU si sommarstudentoppgåve som viste ein prototype kor fleire nautiske tenester var samla i ei felles teneste «Alt på en plass».

Og heilt til slutt viste ubåtkaptein Øyvind Lavoll korleis dei navigera ved hjelp av sonar og djupnedatadetaljar i neddykka tilstand og kva for utfordringar dei har med det.

Mingling_pa_sjokartkonferansen_2023_SKV_03487_572_Foto_Sissel_Kanstad.jpg
Mingling på Sjøkartkonferansen 2023. Foto: Sissel Kanstad/Kartverket

Mykje god mingletid

Me gjorde vårt ytste for å halda oppe blodsukkeret gjennom heile dagen og i pausane blei det servert både frukt, wraps og kaker som vart godt mottekne. I pausane gjekk praten lett og det høyrdest ut som summing frå ein bikube. «Som å samlast i eit familieselskap», var ein av kommentarane etter konferansen.

 

Del
XPPT