Siste oppdatering

Ny kommunefil på grunn av kommuneregulering i Trøndelag

Som følgje av justering av kommunegrensa mellom Holtålen og Midtre Gauldal har Kartverket laga ny kommunefil. Fila ligg på Geonorge, og ho kan lastast ned i fleire ulike format.

I Gauldalen delte kommunegrensa tidlegare grenda Veret i to. Statsforvaltaren i Trøndelag vedtok i 2021 at fem matrikkeleiningar, med eit areal på om lag 80 dekar, skulle førast over frå Midtre Gauldal til Holtålen kommune med verknad frå 1. april 2022. I samband med denne endringa har Kartverket laga ny fil som viser dei nye polygona for kommunane, fila er tilgjengeleg for nedlasting på Geonorge.

I tillegg til endringa mellom Midtre Gauldal og Holtålen, har vi også tatt med to små kvalitetshevingar av kommunegrenseforløp. Den eine er på grensa mellom kommunane Bykle og Valle mellom Rv9 og Otra ved Bjørnarå. Den andre er på Rv36 mellom kommunane Nome og Midt Telemark. Det var ingen endringar i fylkesgrenser i denne omgangen.

Del