Siste oppdatering

Fylkesgeodataplan for Møre og Romsdal

Fylkesgeodataplan for Møre og Romsdal for perioden 2022-2025 vart vedtatt i geodatautvalet 1. november 2021.

Kartverket Møre og Romsdal er sekretariat for fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal, og utarbeider utkast til nye geodataplanar. Utkastet er basert på mottekne innspel om kartleggingsbehov, ønska prioriteringar frå partane i fylket og føringar gitt frå myndigheitene.

Det er fylkesgeodatautvalet for Møre og Romsdal som vedtar geodataplanen og hovudsatsingsområda i planperioden.

Fokusområde og satsingar i planperioden 2022-2025

Fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal vil ha følgande satsingsområde i planperioden:

  1. Kvalitetsheving av FKB-data
    • Betre konsistens mellom dei samferdsels-relaterte datasetta FKB-Veg, FKB-TraktorvegSti og FKB-Vegnett. Redusere talet på avvik med 20% årleg.
    • Betre konsistens mellom Matrikkel-bygningar, FKB-Bygning og FKB-Tiltak. Redusere talet på avvik med 20% årleg.
    • Betre ajourhaldet av FKB-Leidning og legge til rette for rapportering etter ny forskrift om luftfartshindre.
  2. Kvalitetsheving av Matrikkelen
    • Kommunal kvalitetsheving.
    • Kome med innspel i samband med Masterplan, Matrikkel, m.a. vektlegge enklare metodar for massivregistrering/-retting.
  3. Kvalitetsheving og geosynkronisering av kommuneplan
    • Få betre oversikt over status av arealdel av kommuneplanar og kommunedelplanar (inkl. sjøområdeplanar) og publisere planar for alle kommunar i fylket.
    • Få alle kommunar som er del av kommunesamarbeidsprosjekt til å innføre geosynkronisering av plan innan 2023.
  4. Prosjektet marine grunnkart
    • Jobbe aktivt med referansegruppa for å sikre at produkta er fokusert på brukarbehova.
    • Skape nettverk av brukarar.
    • Informere kommunar i Møre og Romsdal om framsteg i prosjekta.

Geodataplanens oppbygging

Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet, er ikkje ein del av denne geodataplanen.

Planen består av to delar:

  1. Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dette dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Her er det ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert og kva som er dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
  2. Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.

I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.

Kontaktperson geodataplan

Noreg digitalt i Møre og Romsdal

Kartverket ved fylkeskartkontora skal etablera ein felles arena i fylka for arbeidet med datagrunnlag som inngår i Noreg digitalt.

Norge digitalt

Norge digitalt er et samarbeid mellom virksomheter som har ansvar for å fremskaffe stedfestet informasjon og/eller som er store brukere av slik informasjon.

Forvaltning av kartdata

Veiledninger, verktøy og rutiner for forvaltning, drift og vedlikehold av kartdata som inngår i Felles kartdatabase (FKB).

Del