Lanserer klimaprofilar for kommunar
Norsk klimaservicesenter har utvikla klimaprofilar som skildrar klima i dag og i framtida for kvar enkelt kommune i heile Noreg. Den 2. desember vert klimaprofilene offisielt lansert av klima- og miljøminister Sigrun Gjerløw Aasland.
For dei som deltar fysisk på Litteraturhuset vert det servert enkel frukost fra kl. 8.30.
Digitale følgarar får tilsendt lenke på e-post i god tid før arrangementet startar. Strøymelenke vert også delt på nettstaden til Norsk klimaservicesenter.
I haust har kommunale planleggarar, konsulentar og regionale og statlege aktørar testa og kome med innspel til dei kommunevise klimaprofilane som forskarar frå Norsk klimaservicesenter (KSS) har utvikla.
2. desember er det endelege startskuddet for å ta i bruk klimaprofilane i arbeidet med å klimatilpasse Noreg.
Program
Nye klimaprofilar for tryggare lokalsamfunn
Opning ved Anita Verpe Dyrrdal (styreliar i Norsk klimaservisesenter), klima- og miljøminister Sigrun G. Aasland og Hans Olav Hygen (leiar for Norsk klimaservicesenter).
Kva rolle spelar kommunane når landet skal tilpasse seg klima, og kva behov har dei sjølve?
Ein samtale mellom Ole Jørgen Grann (KS) og Kristine Garvin (Meteorologisk institutt)
Meir vatn, betre verktøy
Irene Brox Nilsen (NVE) fortel om vatn som Noreg si største utfordring og nye klimapåslag for flaum og kraftig nedbør.
Slik sette vi brukaren i sentrum
Jan Even Øie Nilsen (Meteorologisk institutt) fortel korleis komplekse klimaframskrivingar har verte gjort lettare tilgjengeleg gjennom dei nye klimaprofilane.
«One size fits all»?
Vi har invitert Oslo og Rakkestad kommune til ei samtale om korleis klimaprofilane kan verte ein del av løysinga for dei ulike utfordringane som dei erfarar.
Ved Margrethe Lunder (Oslo kommune), Espen Jordet (Rakkestad kommune) og Kristine Garvin (Meteorologisk institutt).
Fakta Kommunevise klimaprofilar
Klimaprofilane gir ei oversikt over klima i dag og i framtida i kvar kommune, og er meint som eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing lokalt.
Norsk klimaservicesenter (KSS) har laga profilane i samarbeid med pilotkommunane Rakkestad, Skjåk og Vestvågøy, og er utvikla med eit sterkt brukarfokus.
Målet er å gjere kunnskap om klimaendringar lettare å forstå og lettare å ta i bruk.
I testfasen har Norsk klimaservicesenter samla tilbakemeldingar frå fleire brukarar, for å gjere kunnskapsgrunnlaget enda lettare å ta i bruk.
Den offisielle lanseringa av dei kommunevise klimaprofilane er 2. desember.
Norsk lkimaservicesenter er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Kartverket, NORCE og Bjerknessenteret.
The mail has been sent!