Status vegadresser i kommunane

Dei to siste månadene har 10 000 fleire personar fått vegadresse der dei bur. Men det er ikkje berre bustader som har fått nye adresser. Også på hyttene er det mange som no har fått ei vegadresse.

Det har vorte gjort eit godt stykke adresseringsarbeid i mange kommunar dei siste åra. Meir enn 500 000 personar har fått vegadresser på bustaden sin. Det er særs viktig for tryggleiken med tanke på at det lettar arbeidet for naudetatane viss ulykka er ute og ein treng hjelp.

Men det er også viktig for deg og meg: Ei vegadresse gjer det enklare å finne fram – for oss alle.

Sjå vegadresse-status i kommunene i sorterbar tabell.

Ei oversikt 31. oktober i år syner følgande:

  • 67 kommunar har full dekning av vegadresser
  • 217 kommunar nærmar seg (mellom 90 og 99,9% vegadresser)
  • 91,26% vegadresser i landet
  • 8 kommunar heilt utan vegadresse
  • 4,07% av bustadene i landet manglar vegadresse
  • 25,46% av hyttene manglar vegadresse
  • 120 933 personar er utan vegadresse

Kartverket følger nøye med på utviklinga i arbeidet med adresserer. Nettsida våre blir oppdatert med nye statusoversikter kvart tertial. (3 gonger i året).

Status vegadresser i fylka

Nedanfor ser du ei oversikt for vegadresser og matrikkeladresser i kvart fylke per 31. oktober 2017.

Klikk her for å sjå diagram, landsoversikt.

Fylke Adresser totalt Vegadresser Prosentdel vegadresser Matrikkel-adresser Prosentdel matrikkel-adresser
Total 2 432 465 2 219 909 91,26% 212 556 8,74%
01 ØSTFOLD 135 431 132 764 98,03% 2 667 1,97%
02 AKERSHUS 212 753 210 816 99,09% 1 937 0,91%
03 OSLO 99 346 99 093 99,75% 253 0,25%
04 HEDMARK 137 172 129 451 94,37% 7 721 5,63%
05 OPPLAND 155 868 148 527 95,29% 7 341 4,71%
06 BUSKERUD 163 732 140 312 85,70% 23 420 14,30%
07 VESTFOLD 111 162 110 527 99,43% 635 0,57%
08 TELEMARK 111 663 105 958 94,89% 5 705 5,11%
09 AUST-AGDER 74 823 68 982 92,19% 5 841 7,81%
10 VEST-AGDER 97 105 87 687 90,30% 9 418 9,70%
11 ROGALAND 194 281 186 829 96,16% 7 452 3,84%
12 HORDALAND 217 186 207 714 95,64% 9 472 4,36%
14 SOGN OG FJORDANE 66 419 40 130 60,42% 26 289 39,58%
15 MØRE OG ROMSDAL 135 036 115 431 85,48% 19 605 14,52%
16 SØR-TRØNDELAG 149 708 130 449 87,14% 19 259 12,86%
17 NORD-TRØNDELAG 81 744 73 275 89,64% 8 469 10,36%
18 NORDLAND 149 733 117 923 78,76% 31 810 21,24%
19 TROMS 88 827 78 576 88,46% 10 251 11,54%
20 FINNMARK 50 476 35 465 70,26% 15 011 29,74%


Status vegadresser for heile landet

Kartverket har i mange år jobba for at fleire skal få vegadresser. Etter kvart har matrikkeladresser vorte bytta ut med vegadresser i kommune etter kommune.

Oversikta nedanfor viser vegadressestatus for heile landet frå 2006 og fram til i dag.

DatoTotal mengde adresserMatrikkel-adresseVegadresseProsent vegadresserKommuner med berre
matrikkeladresser
01.01.2017 2 411 860 265 154 2 146 706 89,01 18
04.01.2016 2 385 931 343 877 2 042 054 85,59 33
01.01.2015 2 360 193 442 974 1 917 219 81,23 44
06.01.2014 2 335 523 537 584 1 797 939 76,98 68
03.01.2013 2 310 443 605 946 1 704 497 73,77 75
02.01.2012 2 286 693 655 397 1 631 296 71,34 82
07.01.2011 2 278 282 716 111 1 562 171 68,57 85
15.03.2010 2 261 757 750 493 1 511 264 66,82 94
13.03.2009 2 235 958 778 645 1 457 313 65,18 99
08.01.2007 2 185 452 812 333 1 373 119 62,83 107
09.01.2006 2 169 453 826 398 1 343 055 61,91 115

Tala viser alle adresser, unntatt dei som er knytta til utgåtte bygg. Det betyr at bygningar som er rive, brent eller gått ut på annan måte, ikkje er med i statistikken.

Vegadresser per postnummer

Bring har laga eit tabellverktøy som viser kor mange vegadresser det er per postnummer. Verksemder kan for eksempel bruke dette til å kontrollere kor godt adresseregisteret deira er.

Se vegadresser per postnummer på nettsida til Bring.