Vil sikre at beredskapssystem fungerer saman når krisa rammar
Når kriser oppstår, må politi, forsvar, kommunar og andre beredskapsaktørar kunne dele informasjon raskt og sikkert. Det var tema da selskapa bak dei viktigaste beredskapssystema i Noreg møttest med Nkom, Kartverket, Agder heimevernsdistrikt 07, UiA og Agder fylkeskommune.
Partane på samlinga «Digital samhandling i krise og krig» var samde om å jobbe vidare med felles standardar som gjer beredskapssystem betre i stand til å samhandle.
Ei utfordring ingen kan løyse aleine
– Totalforsvaret bygger på at sivile og militære aktørar samarbeider tett. Da kan vi ikkje ha digitale løysingar som skaper barrierar når informasjon må deles raskt. Samlinga på Kjevik viser at det er både vilje og evne til å finne løysningar saman. Vi må gå frå godt sagt til godt gjort, seier Tord Lindelid, distriktssjef i Agder heimevernsdistrikt 07.
Samlinga «Digital samhandling i krise og krig» vart arrangert av Nkom, Kartverket, Agder heimevernsdistrikt 07, Universitetet i Agder (UiA) og Agder fylkeskommune. På plass var mellom anna Politiet, Digitaliseringsdirektoratet og systemleverandørane F24 (CIM), Rayvn, Bliksund, Norkart, Geodata og Avinet.
Gjennom dagen delte både sivile og militære aktørar erfaringar frå eiget arbeid, og diskuterte korleis meldingar, kartinformasjon, bilete, video og andre data kan flyte enklare mellom ulike system.
Leverandørane var tydelege på at mykje allereie er teknisk mogleg. Samtidig peikte fleire på at samhandling ofte vert nedprioritert dersom det ikkje vert etterspurd gjennom krav frå kundar og myndigheiter.
– Det som gjer denne samlinga spesiell, er at vi har fått samla både brukarar, myndigheiter og selskapa som utviklar de viktigaste beredskapssystema. Skal informasjon flyte på tvers av sektorar når ei krise oppstår, må vi bli einige om nokre felles standardar. Det er ingen som kan løyse dette aleine, seier Lars Fredrik Gyland, avdelingsdirektør i Kartverket Agder, Vestfold og Telemark.
Frå diskusjon til handling
Neste steg blir ei ny samling ved UiA, der aktørane skal møtast igjen for å utvikle og teste konkrete løysningar. Målet er å bygge erfaring gjennom praktisk samarbeid og gradvis utvikle standardar som gjer informasjonsdeling enklare på tvers av system.
Utprøvinga vil skje i kontrollerte testmiljø. Målet er ikkje permanente integrasjonar, men å legge til rette for sikre og fleksible løysingar som gjer det mogleg å kople saman system raskt når behovet oppstår.
– Beredskap handlar om samarbeid. Da må også dei digitale verktøya støtte samarbeidet. Det viktigaste resultatet frå dagen var at så mange sentrale aktørar ønsker å arbeide videre saman om løysingar som kan komme heile beredskaps-Noreg til gode, seier Knut Lindland, organisasjonsdirektør i Agder fylkeskommune.
The mail has been sent!