Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Johnny Welle held fram som kartverkssjef

I statsråd 19. desember vart Johnny Welle utnemnd til kartverkssjef for ein ny seksårsperiode. Welle har leia Kartverket sidan 2020 og går no inn i sitt andre åremål.

Pressemelding frå Kommunal- og distriktsdepartementet

" width=
Johnny Welle er utnemd til kartverkssjef for en ny seksårsperiode. Foto: Morten Brun / Kartverket

–  Johnny Welle ser heilskapen og brenn for digitaliseringa av samfunnet. Vi er svært nøgde med at Welle held fram som kartverkssjef, etter seks år der han har gjort ein solid innsats med å løfte Kartverket som digital aktør i Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Selnes Skjæran.  

Kartverket er staten sitt fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Etaten byggjer og vedlikehald nasjonal geografisk infrastruktur for land og sjø, og gjer data tilgjengelege for offentlege og private brukarar.

– Noreg har verdas beste kartverk. Dei forvaltar viktige geodata for land, sjø og eigedom. I ei meir digital verd blir geodata stadig viktigare for innbyggjarar, næringsliv og kommunar. Og samstundes skjer det endringar i verda rundt oss krev at vi tenkjer nytt om deling og bruk av geodata, seier Skjæran.

– I urolege tider er kart, geodata og trygg eigedomsinformasjon viktigare enn nokon gong. Kartverket har eit viktig samfunnsoppdrag. Eg er stolt av det vi har fått til, og eg ser fram til seks nye år der kunstig intelligens og vårt bidrag til totalforsvaret vil stå sentralt, seier kartverksjef Johnny Welle.

Share
XPPT